Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er eit museum? Ein stad der du kan gå og sjå ting som er samla og stilt ut slik at du kan læra om eit bestemt emne, kanskje? Dette dekkjer ikkje alt alle museum driv med, men truleg er det sånn omtrent det dei fleste av oss tenkjer når me høyrer ordet «museum».

Det første du tenkjer er neppe at eit museum er ein stad du kan gå for å ta del i ein kritisk, fleirstemt dialog om fortider og framtider for å bidra til global likeverd og planeten sitt velvære.

Men nettopp dette er sentrale punkt i eit forslag til ny museumsdefinisjon som har vore heftig diskutert i museumsverda det siste året. Det internasjonale museumsrådet ICOM, som representerer over 20.000 museum verda over, har nemleg funne ut at dei treng å oppdatera den offisielle definisjonen deira av kva eit museum er.

Fortider og framtider

Den gjeldande definisjonen seier ikkje noko veldig overraskande: museum er stader som samlar inn, tar vare på, forskar på, formidlar og stiller ut gjenstandar.

Forslaget til ny definisjon har meir snert i seg, og seier mellom anna dette om kva eit museum er:

  • Dei er inkluderande og polyfone rom for kritisk dialog om fortidene og framtidene.
  • Dei skal garantera like rettar og lik tilgang til kulturarv for alle.
  • Dei skal samla, bevara, forska på, tolka, stilla ut og forsterka forståingar av verda med mål om å bidra til menneskeverd og sosial rettvise, global likeverd og velvære for planeten.

Mange fine ord – men kva seier dei eigentleg? La oss byrja med det mest framande: at eit museum skal vera eit «polyfont rom».

Uttrykket «polyfon» er lånt frå musikkteorien, og tyder at fleire stemmer syng eller spelar samstundes utan at nokon av dei er klart under- eller overordna nokon andre. Stemmene er ulike, men likeverdige. Overført: Museet skal ha rom for fleire ulike forteljingar om verda, utan å gi nokon av dei forrang. Som definisjonen også seier: ikkje éi fortid eller framtid, men fortider og framtider.

Og det skal vera dialog – ikkje noko så gamaldags som at nokon kjem og lyttar til ein ekspert. Målet om å bidra til ei betre verd er overordna det tradisjonelle målet om å formidla sann kunnskap.

Foto frå den norske Black history month. Foto: Alier Ajak

Når alt blir like gyldig

Forslaget vart møtt med både begeistring og kritikk, men då verdas museumselitar møttest til konferanse i september, utsette dei heile avgjerda. Uansett endeleg vedtak er forslaget verd å stoppa opp ved, fordi det speglar ein trend i samtida: eit relativistisk syn på kunnskap og sanning.

Relativismen seier at det ikkje finst nokon absolutte sanningar, men at all kunnskap og alle fakta er relative til eit gitt perspektiv. Dermed er sanninga alltid oppe til forhandling når ulike kulturar møtest, utan at nokon av partane nødvendigvis har «rett» eller «feil».

Problemet med relativismen er at han undergrev behovet for standardar og sanningar som gjeld for alle. Korleis kan du for eksempel grunngi eit universelt menneskeverd viss alt er relativt?

Korleis kan du grunngi eit universelt menneskeverd viss alt er relativt?

Dette er ikkje berre eit teoretisk problem. Museum må stadig ta val om kva som skal takast vare på og stillast ut, og viss dei skal leggja til grunn at alle forteljingar om verda er like gyldige, vil dei raskt hamna i etisk tvilsame landskap.

Skal til dømes eit holocaust-museum gi rom for alle ulike forteljingar om holocaust – også dei som sår tvil om at jødeutryddinga fann stad slik seriøse historikarar har dokumentert? Er den «fortida» holocaustfornektarane ser føre seg, like gyldig som den jødiske tidsvitne og historiske kjelder fortel om? Skal også deira forståing av verda bli formidla og forsterka, slik definisjonen seier?

Museet for andre verdenskrig i Gdansk i Polen var kontroversielt allereie før det opna. Direktøren ved museet blei avsett av den polske regjeringa i januar 2017 fordi regjeringa ønskte ei anna tilnærming til Polens krigshistorie. Hendinga førte til mange avisoppslag i heile Europa. Foto: Svein Olav B. Langåker

Verkelege og alternative fakta

Sjølvsagt er det ikkje slik ICOM har tenkt. Motivasjonen deira er nok i utgangspunktet god.

Gjennom historia har museum alltid hatt ei politisk rolle: dei har blitt brukte som verktøy i nasjonsbygging, og bidrege til at ulike minoritetar sine forteljingar har blitt forteia. Dei har kanskje påstått å vera objektive, men i praksis har dei i stor grad fortalt majoriteten si historie. Dette vil ICOM bort frå, og med god grunn.

Det er heller ikkje slik at ei endring i den offisielle museumsdefinisjon kjem til å gjera at historiske museum over natta må rydda plass til konspirasjonsteoriar.

Men i ei tid prega av diskusjonar om «post-truth» og «alternative fakta», er det likevel påfallande at museumsrådet kjem med eit forslag som i realiteten viskar ut skiljet mellom haldbare og uhaldbare forteljingar om verda.

Ja, påstått objektivitet er ikkje alltid sann objektivitet, og forteljingar om sanninga må alltid kunna kritiserast og diskuterast. Det tyder ikkje at sjølve ideen om objektive fakta må kastast over bord.

Det eit museum samlar inn og stiller ut, vil alltid berre vera eit utsnitt av røyndomen. Men det er likevel røyndomen dei gir eit utsnitt av, og den går det an å ta både rett og feil om.

Frykta for kunnskap

Filosofen Paul Boghossian skriv i boka Fear of Knowledge at relativismen grunnar i ei frykt for kunnskap som kan visa at nokon grupper rett og slett tar feil. Difor er teorien populær i progressive rørsler som ønskjer å verna om undertrykte folk og kulturar og deira måtar å forstå verda på.

Poenget hans kan illustrerast med eit døme frå den parallelle debatten om ein annan viktig danningsinstitusjon, nemleg universitetet. Er oppdraget til universitetet først og fremst å søkja sanninga gjennom fri forsking og undervisning, eller å bruka kunnskap til å skapa sosial rettferd?

Er oppdraget til universitetet først og fremst å søkja sanninga gjennom fri forsking og undervisning, eller å bruka kunnskap til å skapa sosial rettferd?

Ei gruppe svarte studentar ved eit amerikansk college skreiv dette i eit debattinnlegg i 2017:

«Historisk sett har det kvite overherredømet verna idéen om objektivitet, og brukt skiljet mellom subjektivitet og objektivitet som eit middel til å teia i hel undertrykte folkeslag. Ideen om at det finst éi sanning – ‘Sanninga’ – er ein europeisk-vestleg konstruksjon med røter i opplysingstida, ei rørsle som òg skildra svarte og brune folk som undermenneske. Denne konstruksjonen er ein myte, som har gitt opphav til både kvitt overherredøme, imperialisme, kolonialisme, kapitalisme og USA.»

Kanskje har også dei som ville endra museumsdefinisjonen tenkt slik? At ideen om objektivitet og sanning er ibuande rasistisk og farleg, og at ein må venda seg frå denne ideen for å stilla seg på sida til dei undertrykte og underprivilegerte?

Sant for deg?

Det er i så fall synd. Ideen om ei objektiv sanning ligg ikkje berre til grunn for enorme menneskelege framsteg innan moderne medisin, vitskap, politikk og teknologi. Han er òg ein føresetnad for sakleg kritikk av dei rådande forteljingane om fortida, samtida og framtida i eit samfunn.

For viss sanninga er objektiv, kan ho ikkje monopoliserast og manipulerast av mektige grupper. Ho kan studerast, utforskast og diskuterast av kven som helst.

I motsett fall kan dei mektige sjølve gjera nytte av relativismen, og blåsa bort ein kvar kritikk med at «det er kanskje sant for dykk, men ikkje for Oss.» Eller som Peter Boghossian seier:

«Viss dei mektige ikkje kan kritisera dei undertrykte, fordi vilkåra for kunnskap er uløyseleg knytte til deira særskilte perspektiv, følgjer det også at dei undertrykte ikkje kan kritisera dei mektige.»

Viss musea verkeleg vil bidra til likeverd og rettvise, bør dei difor halda fast på at dei også kan seia sanninga. Det tyder ikkje at dei må vera «nøytrale» og sky debatt, slik Knut Olav Åmås åtvarar mot. Tvert om: sanninga er ofte både kompleks og ubehageleg.

Men det finst grenser mellom sant og usant, og musea må hjelpa oss med å orientera mellom desse grensene – ikkje viska dei ut.

For stygge til å få bli med i utstilling. Kollasj av “De etterlatte” som Universitetsmuseet har kalla dyra som ikkje får bli med når museet opnar igjen 14.oktober. Foto: UiB