Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vossaseminaret hadde hovudtema «Dikting og røyndom».

Eit sterkt lag av forelesarar var henta frå universiteta i Bergen og Oslo. I tillegg var forfattarane Marit Eikemo og Vigdis Hjorth høgdepunkt. Musikklinja på Voss gymnas hausta fagnad for både vokale og instrumentale innslag.

Å dikta eit liv
I foredragstittelen til førsteamanuesis Eirik Vassenden stod det: «Eit forsøk på å lese Olav H. Hauges roman Dagbok 1924-94.»

– Eg meiner nok ikkje teknisk sett at Hauge sine dagbøker er ein roman, sa Vassenden, men litteraturvitaren stilte spørsmål ved i kva grad ein kan lesa teksten som sann framstilling av røynda.

10. juli 1980 skriv Olav H. Hauge: «EIN ER FERDIG Universitetsbiblioteket er på jakt etter dei brevlappane ein har skrive. Dei reknar med at ein snart skal vera daud.» På dette tidspunktet må Hauge ha innsett at hans personelege skriveri vil verta mangfaldiggjort. Kor lenge hadde han hatt det slik? På kva side i dagbøkene finst eit slikt skilje, og er det merkbart? Då Hauge døydde, hadde han lagt dagbøkene sirleg fram. Inneheld dei den endelege iscenesetjinga av hans liv?

Å tena pengar på krise
Det mest spektakulære foredraget under Vossaseminaret stod Vigdis Hjorth for. Ho baud på seg sjølv, slik ho også gjer i forfattarskapen sin.

– Eg lærte tidleg at ulukke sel. Best skriv eg når eg har det ille. For å tena pengar, hamnar eg stadig i psykologiske grensetilstandar. Men skriving er ikkje terapi. Då ville forfattarane vore friske, og det er dei jo ikkje.

LES SAKA I AVISA HORDLAND!

Faktaboks

Olav H. Hauge (1908-1994), var ein norsk forfattar, ein av dei viktigaste lyrikarane innafor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var gartnar av yrke og dreiv med fruktproduksjon.  Han er kjend for ein kortfatta diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samanlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt.

Les meir på Wikipedia!