Årets ord: «Post-truth»

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lever me i ei verd der sanning og fakta ikkje lenger speler noko rolle? I samband med mellom anna presidentvalkampen i USA og EU-valkampen i Storbritannia, har denne problemstillinga blitt mykje diskutert i engelskspråkleg presse.

Faktisk så mykje at «post-truth» no er blitt kåra til årets ord av dei internasjonale Oxford-ordbøkene.

Dei definerer «post-truth» som eit adjektiv som viser til omstende der objektive fakta har mindre å seie for folkemeininga enn appell til kjensler og personleg tru. Ordet er ikkje nytt, men har fått ein stor oppsving i bruk det siste året, særleg i samansettinga «post-truth politics».

«Postfaktasamfunnet»
Under EU-valkampen i Storbritannia sa den konservative politikaren Michael Gove til Sky News at folk «har fått nok av ekspertar», eit sitat som har blitt ståande som emblem for ein politisk debatt der fakta har blitt sett til side.

Newt Gingrich, ein av dei fremste støttespelarane til Donald Trump i USA, sa det enno tydelegare i eit intervju med CNN: «liberale har masse statistikk som teoretisk sett kan vera rett, men det er ikkje slik menneske fungerer». «Som politikar held eg meg til det folk føler, så kan du halde deg til teoretikarane,» sa han til journalisten.

«Post-truth» er vanskeleg å omsetje til norsk, og har ikkje heilt fått fotfeste på våre trakter. Eit søk i pressearkivet Atekst viser at Dag og Tid, Dagen og Morgenbladet har brukt «post-truth» utan å omsetje det til norsk, medan Vårt Land og Dagbladet-kommentator Inger Merete Hobbelstad har skrive om «postfaktasamfunnet».

Tida vil vise om dette omgrepet blir tatt opp i vanleg norsk språkbruk, slik at også norske ordbøker kan anerkjenne det.


Grafen viser utviklinga i kor ofte ordet «post-truth» har blitt brukt det siste året. Grafikk: Oxford Dictionaries

«Alt-right» og «coulrophobia» 
Andre kandidatar til utmerkinga som årets ord var «alt-right», nemninga for den nasjonalkonservative Internett-rørsla i USA, og det skandinaviske lånordet «hygge», som plutseleg har blitt tatt i bruk i engelsk.

Ein annan kandidat var «coulrophobia», som viser til ei overdriven frykt for klovnar. Framandordet blei plutseleg aktuelt som følgje av bølgja med «skumle klovnar» i haust.

Frå før har «Brexit» blitt kåra til årets ord av det britiske ordbokforlaget Collins.