Museum ville kapre studentar på Tinder

Historisk Museum i Bergen braut marknadsføringslova da dei gjennom ein Tinder-profil prøve å lokke studentar til ei vikingutstilling, meiner Forbrukartilsynet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Profilen på datingappen Tinder personifiserte utstillingsdokka Freya, som er ein del av vikingutstillinga som opnar ved museet i slutten av september. Webredaktør Camilla Ahamath ved Universitetsmuseet oppretta profilen for å få unge einslege og ikkje minst studentar til museet.

– Studentar er ei av målgruppene våre, men det er få studentar som har vist interesse når vi har annonsert arrangementa våre i meir tradisjonelle kanalar, seier Ahamath til universitetsavisa På Høyden.

– Vi kunne ha valt Snapchat, men måtte da ha brukt lang tid og mykje ressursar på å byggje opp ein konto og følgjarar. Facebook veit vi at dei i mindre grad bruker, seier ho.

Les også: Tinder: «Kva tid grein du sist?»

Skjult reklame

Sjølv om Freya i Tinder-profilen blir presentert som “utstilligsdukke at Universitetsmuseet UiB”, meiner Forbrukartilsynet at dette er ulovleg marknadsføring og har gjort museet merksam på det i eit brev.

– Det er stadig vanskelegare å nå forbrukarane. Dette gjer at mange aktørar tar i bruk nye marknadsføringsstrategiar. Her ser vi at Universitetsmuseet prøver å vere kreative og nå ei ny gruppe. Da blir det marknadsføring, seier nestleiar Bente Øverli i Forbrukartilsynet.

Ho meiner Tinder-stuntet er i strid med forbodet mot skjult reklame i marknadsføringslova. Det var ikkje tydeleg at dette var reklame, meiner Forbrukartilsynet.

“Freya” fekk svar frå 200 unge Tinder-brukarar før Camilla Ahamath måtte slette profilen.

Les også: 10 Tinder-dates – og kva eg lærte av dei