Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Erstatt borgarkrigsstatuar med Britney Spears

Robert E. Lee-monumentet i New Orleans blei tatt ned 19. mai i år. Kvifor ikkje heisa opp ein statue av Britney Spears som erstatning for borgarkrigsgeneralen? Foto: Infrogmation / CC BY-SA

Mange byar i sørstatane i USA er krydra med statuar av generalar og stridsherrar frå borgarkrigstida, då desse statane erklærte seg uavhengige frå USA i protest mot eit eventuelt forbod mot slaveri. Desse statuane har forståeleg nok blitt omstridde med tida, då mange meiner dei glorifiserer slaveriforkjemparar og førestillinga om kvit makt.

Fleire byar har difor fjerna slike statuar i det siste. Dette har som kjent ført til reaksjonar frå dei som faktisk støttar førestillinga om kvit makt, noko ein mellom anna såg døme på i nazimarsjen i Charlottesville i Virginia førre helg.

LES OGSÅ: Hugs Heather Heyer!

Inspirasjon for millionar

New Orleans i Louisiana er ein av byane som har fjerna dei omstridde statuane. Det har skapt ei ny problemstilling: Kva skal ein fylla dei tomme soklane med?

BuzzFeed melder at ei kreativ kvinne ved namn Kassie Thibodeaux no har kome på eit utmerkt forslag: Set opp statuar av Britney Spears i staden.

Kven vil vel ikkje sjå dette ikonet på ein sokkel? Bilete frå artisten si Facebook-side.

Den legendariske popartisten og parfymegründeren vaks opp i småbyen Kentwood i Louisiana. Thibodeaux peikar mellom anna på at Spears donerte pengar til støtte for dei skadelidande etter Katrina-orkanen i 2006 og storflaumen i 2016, og at ho er ein «inspirasjon for millionar».

Helten me fortener

– Ho har allereie fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, og no er tida inne for at heimstaten hennar ærar henne med hyllesten ho fortener, heiter det i underskriftskampanjen, som i skrivande stund har samla over 3.200 underskrifter til dei leiande politikarane i delstaten.

– Ho er helten me alle fortener og ikonet Amerika treng. Eg er ikkje ironisk når eg seier dette, eg meiner det verkeleg. Eg elskar denne kvinna, skriv ei av dei som har signert.

Foto: Atlantic Records

Også andre stader er det folk som vil framheva popstjerner som moderne ikon i staden for gamle borgarkrigsheltar. Det finst i alle fall ei kampanje for å erstatta eit borgarkrigsmonument i byen Portsmouth, Virginia med ein statue av Missy «Get Ur Freak On» Elliott.

Påminning

På den andre sida har over 30.000 folk har signert eit opprop mot å fjerna historiske monument til minne om sørstatskonføderasjonen.

«Desse monumenta er ei påminning om kva landet vårt måtte gjennom for å bli heilt igjen,» heiter det i denne kampanjen.

Over halvparten av amerikanane deler dette synspunktet, ifølgje ei meiningsmåling som NRK omtalar i dag. Dei har også president Trump på si side: