Erna Solberg legg opp til polarisering og svekka tillit med sine nye statsrådval


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For berre eitt år sidan sette Listhaug heile regjeringssamarbeidet på spel med ein Facebook-post som førte til at eit Stortingsfleirtal truleg ville ha stemt for mistillit, om ho ikkje gjekk av sjølv. 

Søviknes var på si side statsråd som olje- og energiminister i knappe to år, før han gjekk av for berre eitt år sidan.

Når Solberg no velgjer desse som statsrådar på nytt, spesielt på områda dei har fått, reiser det seg nokre problemstillingar.

Til topps igjen etter #metoo

Som mangeårig ordførar i Os har han posisjonert seg som ein tydeleg forkjempar for eldreomsorg, og den nokså ukontroversielle statsrådposten som eldre- og folkehelseminister vert no Terje Søviknes sitt ansvar.

Men med nettopp Søviknes i rolla, er kanskje ikkje rolla så problemfri og ukontroversiell lenger. Han er også mannen som for berre eitt år sidan gjekk av for å prioritera familien, etter #metoo og medietrøkk rundt ei valdtektsanklage frå 2000, og han skal altså no vera vår folkehelseminister.

Saka om valdtekt vart lagt bort, men uansett kor ulovleg eller gråsone det var den gongen mellom Søviknes og jenta, så var det utruleg dårleg rolleforståing frå osingen.

Kor bra folkehelse legg ein opp til med ein slik minister på feltet? Kor truverdig inntrykk kan han gi befolkinga, og kanskje særleg dei som har vore utsette for overgrep?

Polarisering i vår tids viktigaste politiske sak

Klima- og energiminister-posten har som Kjell-Børge Freiberg har hatt nokså anonymt og sidan august 2018, skal no takast over av den nok mest omdiskuterte politikaren på tinget: Sylvi Listhaug. 

Etter eit år med stort klimaopprør frå befolkinga, der dei unge har gått i titusental for å krevja at framtida deira vert teke på alvor, og fleire og fleire vaksne også har fått augo opp for klimakrisa me står ovanfor, framstår det veldig spesielt å gi ein så viktig post til ein så kontroversiell politikar. 

Allereie har ho fått motbør for tidlegare ytringar som at vindmøller er svineri og at det ikkje var bevist at menneskelege CO2-utslepp fører til klimaendringar.

Seinare har ho likevel sagt at ho trur på klimaendringane, og under pressekonferansen onsdag sa Solberg at ho føler seg trygg på at Listhaug vil føra regjeringa sin politikk uansett. 

Listhaug sa på si side at ho meiner klimaendringane også er menneskeskapte, og at norsk olje- og gassektor er ein del av løysinga for å få ei grønare verd gjennom teknologiutvikling. 

I sin 1. mai-tale i år snakka Listhaug til klimastreikarane og sa at «det er dumt for verdens klima og miljø dersom Norge slutter å produsere olje».

Då ho vart konfrontert med streikarane i samband med ministerposten inviterte Listhaug til dialog på denne måten:

– Eg synest det er bra at ungdommen er engasjert, men eg meiner det er utruleg viktig å sette seg inn i alle sidene av dette spørsmålet.

Er det dette me treng i møte med klimakrisa?

Etter klimatoppmøtet i Madrid, sa Solberg at ho var skuffa og ho har lova at Noreg skal klara å nå klimamåla våre, trass i at me ikkje har klart det fram til no.  

Når ho no vel å setje inn ein tidlegare klimafornektar, som attpåtil er ein av politikarane som polariserer og «bråkar» mest, framstår det nesten som eit hån mot barn og unge som har bede om meir ansvar og handling på klimaområdet. 

– Eg trur ikkje Erna Solberg kunne funne seg ein verre olje- og energiminister som står for ein gamaldags, faktafornektande klimapolitikk, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom til Aftenposten etter statsrådsposten vart kjend.

Stor usemje om oljeutvinning framover

Det er nok urettferdig å bruka åtte år gamle sitat om at Listhaug ikkje trudde på menneskeskapte klimaendringar mot henne. Men ho vil framleis opna Barentshavet for oljeleiting og ha ein flytande iskant, istadenfor å flytta den sørover. Og ho er framleis den politikaren som polariserer mest, både i befolkinga og i regjeringa. Det kan koma til å skapa store problem for regjeringssamarbeidet med Venstre. Og at Krf er skeptiske til Listhaug, vart særleg tydeleg då synet på samarbeid med henne og Frp, nesten knakk partiet.

Klimasaka er også i befolkinga allereie ein polarisert debatt. Seks av ti nordmenn meiner me skal halda fram å leita etter meir olje og gass, sjølv om det tydeleg står i konflikt med våre og klimamåla til verda.

Blant barn og unge mellom 16 og 19 år, vil derimot 60% at Noreg fasar ut oljeindustrien, og titusenvis av skulestreikande ungdom krev mellom anna «ingen fleire oljefelt», i eit år med rekordmange oljefelt.

Ungdommen har bede om handling og alvor. Listhaug har fram til no stått mest for kontroversielle utsegn og polarisering. 

Kva signal sender desse statsrådvala?

Ved å setje både Frp og attpåtil den kanskje mest kontroversielle Frp-aren til å vera den viktigaste på Noreg sitt klimabidrag dei neste åra, legg Solberg dimed mest opp til krangel og konflikt – framfor seriøsitet og ikkje minst gode kompromiss som kan føra til handling og effektiv politikk.

Både Søviknes og Listhaug polariserer og har svekka tilliten til Solberg-regjeringa tidlegare. Når Solberg no gjer desse to vala, ser ho ut til å setje regjeringssamarbeidet med Frp først, trass i kva signal det sender til befolkinga.