– Innføring av tredje kjønn kan redde liv
Talet på sjølvmordsforsøk gjekk ned etter at likekjønna ekteskap blei lov. LHBT-organisasjonar trur innføring av eit tredje kjønnsalternativ vil ha same effekt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Færre sjølvmordsforsøk etter legalisering av homoekteskap» skriv forskning.no denne veka. Nedgangen kom etter innføring av lovverk som sikrar rettane til minoritetar.
– Det skadar jo ingen, så kvifor er folk i mot? undrar Haakon Gunleiksrud (bildet), sentralstyremedlem i Humanistisk Ungdom og nestleiar i Skeiv Ungdom Trøndelag.
Han viser til innføringa av eit tredje kjønnsalternativ, ein debatt som starta på nytt med Arbeidarpartiet sitt utkast til partiprogram for 2017-2021. Der står det: «Vi skal vurdere å innføre ein tredje kjønnskategori».
KrF-leiar Knut Arild Hareide har uttala at det er uaktuelt for partiet å innføra ei slik endring, og debatten engasjerer mange.
– Eg vil gjere det eg kan, og håpar at det vil ha ein symboleffekt at eg som kvit, heterofil mann tek eit inkluderande standpunkt i debatten, seier Gunleiksrud til Framtida.no.
LES OGSÅ: Vil innføre eit tredje kjønnsalternativ
Reduserer stigma
At lovgiving som sikrar rettane til minoritetsgrupper har ein viktig symboleffekt, har nyleg fått endå eit solid argument frå amerikanske forskarar.
Ny forsking viser at elevar ved «high school» i statar med lovverk som tillet likekjønna ekteskap, har færre sjølvmordsforsøk. For LHBT-ungdom var nedgangen tydeleg. Heile 14 prosent færre forsøkte ta sitt eige liv.
Forskarane har analysert data frå nærare 800 000 ungdom mellom 15 og 24 år som deltok i undersøkingar om psykisk helse frå 1999 til 2015. Dei har samanlikna svara før og etter innføring av likekjønna ekteskapslover.
Forskarane trur at lovgivinga bidreg til å redusere stigma knytt til seksualitet.
– Truleg er det noko med å ha like rettar – sjølv om dei ikkje har umiddelbar bruk for dei – som gjer at studentane kjenner seg mindre stigmatiserte og meir håpefulle for framtida, uttalar forskar Julia Raifman i ei pressemelding frå Johns Hopkins University.
Å føle seg sett
Gunleiksrud synest det er fint å høyre resultata frå den amerikanske undersøkinga. Han trur anerkjenning frå myndigheitene er viktig for at kvar enkelt skal føle seg sett.
– Dersom lovverket nektar å anerkjenne deg, går det inn på deg som person, seier han.
Han trur innføringa av eit tredje kjønnsalternativ vil ha ein liknande positiv effekt som lovgivinga om likekjønna ekteskap.
– Det vil vise at samfunnet ønsker å ta vare på alle dei ulike individa, og anerkjenne kvar enkelt.
Ekteskapslov gav haldningsendring
I Noreg har ei kjønnsnøytral ekteskapslovgiving vore gjeldande sidan 2009, men ikkje før i januar i år vedtok Kyrkjemøtet ein ny liturgi som også kan brukast til likekjønna vigslar.
Ingvild Endestad (bildet), leiar i Foreningen FRI, fortel at endringar i lovverket ikkje berre har politiske konsekvensar.
– Vi veit at innføring av ei kjønnsnøytral ekteskapslov gjorde at folk fekk eit meir positivt syn på homofile. Når lovverket gir folk rettar, så skaper det også ei haldningsendring i samfunnet, seier Endestad.
KOMMENTAR: KrF må revurdere «hen»
Viktig for dei det gjeld
Sjølv om det ikkje er snakk om mange personar som ser på seg sjølv som verken mann eller kvinne, trur Endestad at lovgivinga vil ha mykje å bety.
– I dagens system eksisterer dei ikkje. Politikarane må gå framfor for å gi alle like rettar og slik at kvart enkelt individ kan bli anerkjent.
Endestad legg til at forskingsresultata frå USA viser at auka likestilling og rettar til minoritetane også gir betre psykisk helse til majoriteten.
– Likestiling er bra for alle, seier ho.
Camilla Olufsen, leiar av Ungdomstelefonen, meiner at innføring av eit tredje kjønnsalternativ berre kan føre godt med seg. Ho fortel at det er få som ringer med spørsmål om lovverk for kjønnskategoriar, men at for dei det gjeld vil ei lovendring vere svært viktig.
– Det kan verkeleg endre liva til dei det gjeld, seier Olufsen
LES OGSÅ: – Eg vil ha eggstokkar og vera mann