Unge Venstre vil avskaffa juridisk kjønn

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.09.2018 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av partia på Stortinget er det Raudt, SV, Venstre og MDG som ønsker eit tredje juridisk kjønnsalternativ. Arbeiderpartiet har òg tidlegare sagt at dei er opne for å vurdera saka.

Blant ungdomspartia er stemninga ei anna. Der er det brei tverrpolitisk semje hos alle, frå Framstegspartiets Ungdom til Raud Ungdom.

Kristeleg Folkepartis Ungdom er opne for ei utgreiing av saka.

Les også: Ungdomspartia: – Kampen for innføring av eit tredje kjønn ikkje er over

– Staten skal ikkje blanda seg

Framtida.no har snakka med Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

– Det vi eigentleg ønsker er å fjerna juridisk kjønn frå offentlege register. Men all den tid det er urealistisk med det første, ønsker vi ein tredje juridisk kjønnskategori, seier Hansmark.

– Korfor treng ein kjønn i pass, for eksempel? Det går fint an å identifisera folk utan å vita kjønnet deira, held han fram.

Hansmark legg til at både innføring av ein tredje kjønnskategori, og ei eventuell fjerning av juridisk kjønn, vil kunna ha positiv innverknad for ikkje-binære transpersonar i Noreg.

– Staten skal ikkje blanda seg inn i kva kjønn folk identifiserer seg om. Det er opp til den enkelte, seier Hansmark avslutningsvis.

Les også: Kjønn og identitet