Verken mann eller kvinne

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.09.2019 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjenner inga tilhøyrsle til verken mann eller kvinne, seier Ingrid Bjørshol.

Hen er ein av stadig fleire som identifiserer seg utanfor den binære, eller todelte, kjønnsmodellen. Men sjølv om ikkje-binære kjønnsidentitetar har fått vind i segla dei siste åra, er det på ingen måte ei ny greie.

I India har ein lenge hatt eit tredje kjønn som blir kalla Hijra. Også i Mexico finn ein eksempel på ikkje-binære kjønn, som går langt tilbake i historia.

Liknande finn ein over heile verda. I Noreg har vi for eksempel kjelder frå ei rettssak frå 1784, som omhandlar Jens Anderssøn – ein person som var fødd med vagina og eggstokkar, men som sjølv sa til retten at han var både mann og kvinne. Å bryta med tokjønnsmodellen er altså ikkje eit nytt fenomen.

Les også: – Innføring av tredje kjønn kan redde liv

Viktig med synleggjering

– Tidlegare visste eg ikkje om ikkje-binære. Eg tenkte «eg har jo ein kvinnekropp, så då er det sikkert det eg er», forklarer Bjørshol.

Hen skundar seg å legga til at ein typisk «kvinnekropp» ikkje nødvendigvis treng ha noko som helst med å vera kvinne å gjera.

Det finst ein heil haug med kjønnsidentitetar der ute

Så då Bjørshol for rundt fire år sidan fann ut at det fanst noko anna enn menn og kvinner, var hen likevel kjapp om å identifisera seg med det.

– Det er derfor eg synst det er viktig med bevisstheit rundt ikkje-binært kjønn. Ein treng heller ikkje å gjera som meg, og velja «ingen kjønn». Det finst ein heil haug med kjønnsidentitetar der ute, fortel Bjørshol.

– Biologisk er jo tokjønnsmodellen òg feil, meiner Bjørshol, og trekker fram intersexpersonar.

Intersex betyr kort og greitt folk som blir fødde med uklare kjønnskarakteristikkar, og som dermed er vanskelege å kategorisera som biologiske menn eller kvinner.

For å synleggjera kjønnsmangfaldet i samfunnet, oppfordrar Bjørshol folk til å utfordra tokjønnsmodellen i kvardagen. For eksempel meiner hen at lærarar ikkje treng å dela elevar opp i «gutar» og «jenter» i ymse situasjonar i skulen.

Les også: Snakk med oss, ikkje om oss

Fleire utfordringar i kvardagen

Bjørshol nemner fleire ting som er utfordrande med å vera ikkje-binær i Noreg i dag, blant anna det at dei fleste offentlege skjema krev at ein kryssar av som enten mann eller kvinne.

– I tillegg har eg ikkje ein androgyn kropp, så eg blir konstant feilkjønna. Eg må heile tida komma ut til folk, seier Bjørshol.

Men sjølv om hen kjem ut til folk ofte, har hen endå ikkje fortalt familien sin – med unntak av ein onkel.

– Viss dei finn artikkelen, slepp eg å ta den samtalen. Eg er ganske konfliktsky, ler Bjørshol.

Hen nemner òg at hen har møtt fordommar i helsevesenet, men ønsker ikkje å gå ytterlegare inn på det.

Les også: Noreg treng eit desentralisert tilbod til transpersonar

Forventingar rundt kjønnsuttrykk

– Oftast når eg kjem ut så seier folk berre «åja, ok». Av og til må eg forklara kva det betyr, men eg lever stort sett i den liberale bobla mi på det Humanistiske Fakultet, smiler Bjørshol.

Det er fullstendig ok å ikkje vita om alle kjønna som finst, så lenge du aksepterer folk for den dei er

Det skjer likevel at reaksjonane er mindre positive.

– Nokre har problem med å akseptera identiteten min når eg går i feminine klede. Det hender eg føler meg falsk fordi eg går i kjole, sjølv om det ikkje endrar korleis eg føler meg på innsida. Men folk dømmer ofte basert på utsjånad, seier hen.

Bjørshol er likevel tydeleg på at hen meiner at klede ikkje tilhøyrer eitt kjønn.

– Viss bukser er kjønnsnøytrale, korfor er ikkje kjolar det? spør hen retorisk.

Eit steg i rett retning

– Kva ville eit tredje juridisk kjønn betydd for deg?

– Det ville gitt identiteten min legitimitet. Eg kjenner fleire som ville endra kjønn på dagen, seier Bjørshol.

Hen meiner at eit tredje juridisk kjønn hadde vore eit stort steg i rett retning, som ville bidratt til auka synlegheit og rettar for ikkje-binære.

– Nokre uttrykker bekymring for at dei etter kvart må læra seg «31 kjønn», sånn som dei opererer med i New York. Kva tenker du om det?

– Det er fullstendig ok å ikkje vita om alle kjønna som finst, så lenge du aksepterer folk for den dei er. Du treng ikkje sitta heime og pugga kjønnsidentitetar, liksom, seier Bjørshol.

Les også: Kjønn og identitet