Auke i sjølvmord blant menn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt var det 674 sjølvmord i Noreg i fjor.

Det gir ein aldersjustert rate på 12,9 per 100.000 innbyggarar, viser tal frå Folkehelseinstituttets dødsårsakregister.

Fleire sjølvmord blant menn mellom 30 og 60 år

– Vi ser inga endring i sjølvmordsraten for kvinner, medan det for menn har vore ein auke frå 15,7 til 18,2 per 100.000 menn frå 2017 til 2018. Denne auken kjem hovudsakleg av fleire sjølvmord i aldersgruppa 30 til 60 år blant menn, seier forskar Kim Stene-Larsen ved Folkehelseinstituttet.

Les også: Sjølvmordsrisikoen redusert med ein firedel på éin generasjon

Kan ikkje tolkast som trend

Sjølvmordsraten har variert dei siste tre åra. Folkehelseinstituttet understrekar at små endringar frå eitt år til eit anna ikkje kan tolkast som ein statistisk trend når talgrunnlaget er avgrensa.

I 2016 tok totalt 615 personar sitt eige liv, med ein rate på 12 per 100.000 innbyggarar.

I 2017 var det ein liten nedgang, då det var totalt 595 sjølvmord – ein rate på 11,5.

Les også: Kjære ordførar! Hjelp generasjon prestasjon no! – Norske elevar må lære korleis ein skal kome gjennom vanskelege periodar, før det er for seint, skriv Sunniva Helene Dahlstrøm (16)