I 2016 tok 614 nordmenn sitt eige liv, viser nye tal frå Folkehelseinstituttet. Talet på sjølvmord er no 12 per 100.000 innbyggjarar, mot 16,4 i 1990.

– Mesteparten av nedgangen sidan 1990 kjem av reduksjon i talet på sjølvmord hos menn. Skilnaden mellom kjønna har blitt mindre, seier overlege Christian Lycke Ellingsen ved Dødsårsaksregisteret, Folkehelseinstituttet.

Frå 1990 har det vore ein nedgang i sjølvmordsraten for menn frå 25 til 16 per 100.000, hos kvinner frå 9 til rundt 7.

– Sjølvmord har mange og samansette årsaker, og det er vanskeleg å peika på ein enkelt grunn til nedgangen, strekar overlegen under.

Kjønnsforskjellar

– I 1990 var det nesten tre gonger så mange sjølvmord hos menn som hos kvinner, mens tilhøvet no er nær to til éin, seier Christian Lycke Ellingsen.

Blant dei 614 sjølvmorda registrert i 2016 var 418 hos menn og 196 hos kvinner. 57 prosent av dei som tok sitt eige liv var i aldersgruppa 30 til 59 år. Medianen er 47 år. I aldersgruppa under 20 år var det 35 sjølvmord; 5,7 prosent eller eitt av 17 sjølvmord skjedde blant tenåringar.

– Sjølv om talet på sjølvmord var noko høgare i 2015 og 2016 enn året før, så kan vi ikkje seia at dette inneber ein signifikant auke i sjølvmordsraten. Det vil alltid vera noko variasjon frå år til år, og det vi ser er framleis innanfor dei svingingane vi kan venta, seier Lycke Ellingsen.

Likt EU-tala

Gjennomsnittet for dei siste ti åra i Noreg var 11,5 sjølvmord per 100.000 menneske for begge kjønn samla.

Ifølgje Eurostat var den gjennomsnittlege sjølvmordsraten i EU for åra 2006 til 2014 svært nær det vi har sett i Noreg: 11,7 per 100 000, men i EU er sjølvmordsraten lågare for kvinner (5,1) og høgare for menn (17,8) enn i Noreg.

I Noreg er det flest sjølvmord på Austlandet utanom Oslo og Akershus og færrast sjølvmord på Vestlandet, særleg Sogn og Fjordane.

Oppdatert: onsdag 13. desember 2017 15.07

Kommentarar

ANNONSE