Norske legar krev klimahandling
13. oktober starta ei rekke norske legar ein underskriftskampanje basert på oppropet «Legar krev klimahandling no!» Tysdag leverte dei over 1.100 underskrifter til stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oppropet er ein del av «Legane sin klimaaksjon.»
– Som legar er vi etisk forplikta til å varsle når stor helsefare trugar. Klimakrisa er ei helsekrise og norsk politikk forverrar krisa, skriv legane i ei pressemelding.
Politikken må endrast
Legane bak aksjonen meiner norsk politikk må endrast for å førebyggje omfattande død og liding.
Dei viser mellom anna til det medisinske tidsskriftet, The Lancet, som omtalar klimakrisa som det største trugsmålet mot helsa vår dette hundreåret.
Ber om å stoppe oljeleitinga
Tysdag leverte dei ei underskriftskampanje til stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen, med over 1.100 underskrifter.
Dei ber Stortinget sørge for at Noreg:
- Stoppar oljeleitinga og starta nødvendig utfasing av produksjon av olje og gass no.
- kuttar eigne klimagassutslepp meir enn det som ifølgje FNs klimapanel er nødvendig for å begrensa global oppvarming til godt under 2 °C.
- bidreg langt meir til at låginntektsland oppnår reduksjon i klimagassutslepp og blir betre i stand til å møte dei helsemessige og sosiale utfordringane som klimakrisen inneber.