Klimakrise er årets ord i Storbritannia

Den anerkjente ordboka Oxford Dictionaries har kåra «climate emergency» til årets ord i Storbritannia.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var britiske The Guardian og norske NRK som først omtalte kåringa av Årets ord i Oxford Dictionaries.

Ifølgje den anerkjente ordboka er klimakrise «ein situasjon der det hastar med å gjere tiltak for å redusere eller stoppe klimaendringar, og unngå potensielt irreversible miljøskadar som følgje av dette».

Storbritannia erklærer klimakrise

2019 har vorte det store klimaåret, der unge har teke til gatene for å kreva klimahandling for å sikra framtida til framtidige generasjonar.

Eitt av dei konkrete krava til dei norske klimastreikarane er at regjeringa må «erklære klimakrise, og følgje opp med tiltak».

Allereie i mai i år vedtok Underhuset i det britiske parlamentet samrøystes å erklære klimakrise. Fleire land, fylke og kommunar har gjort det same.

Men då statsminister Erna Solberg møtte dei norske skulestreikarane 24. mai ville ho ikkje gå med på at det er naudsynt:

– Det er ei klimakrise, så me treng ikkje å erklære klimakrise, sa Solberg til dei frammøtte.

Statsminister Erna Solberg talte til klimastreikarane framfor Stortinget fredag 24. mai. Foto: Andrea Nøttveit

Kraftig auke i klimakrise

Britiske Oxford Dictionaries, som kvart år kårar årets ord, viser til ein kraftig auke i bruken av omgrepet «climate emergency» i løpet av 2019. I september i år var ordet 100 gongar meir vanleg enn på same tid i fjor.

Kjelde: Oxford Dictionaries

Dei meiner omgrepet vitnar om ein ny måte å tenkje om krise. Der ein før snakka om helse-, sjukehus- og familiekrisar, er det no blitt vanlegare å snakka om ei global krise.

Men ordet klimakrise er langt ifrå det einaste klimarelaterte ordet som var på Oxford Dictionaries si toppliste. Andre ord som er nemnt er klimahandling, klimafornekting, økoangst, flyskam, utrydding (extinction) og flyskam.

The Guardian går for klimakrise

Klimadiskursen i Storbritannia har endra seg. I mai gjekk den britiske avisa The Guardian inn for språklege endringar. I staden for klimaendringar skal dei no snakka om klimakrise, og heller enn klimaskeptikar skal dei nytta klimafornektar. Norske Morgenbladet kunne kort tid etterpå melda at dei ville gjera det same.

Klimapsykolog Espen Stoknes har åtvara om at bruken av ordet krise kan verka mot si hensikt.

– Normalt vil ei krise vare i ei veke, kanskje ein månad. Men det vi snakkar om er ei varig forandring av klimaet på jorda. Ein kan risikera at engasjementet raskt går over dersom klimaendringane blir ramma inn slik, har han tidlegare uttala.

Språkrådet kårar årets nyord

NRK har snakka med Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet, som ikkje er overraska over valet av årets nyord.

Også i norske medier har talet på klimasaker auka kraftig siste året. I 2018 har NRK registrert 90.000 klimarelaterte artiklar i nyheitsdatabasen Retriever. I 2019 har dei registrert 130.000 artiklar om klima.

Rødningen utelukkar ikkje at det vert klimarelaterte ord på lista over årets nyord når Språkrådet lanserer dette 3. desember.

– Klima har vore eit dominerande tema gjennom året, og då er det naturleg at ord som har med dette er med i vurderinga, seier han til NRK.

Kortlista til årets ord 2019 i Storbritannia:

Dei andre orda var:

Climate action (klimahandling)

Climate denial (klimafornekting)

Eco-anxiety (økoangst)

Ecoside (Økomord)

Extinction (utrydding)

Flight shame (flyskam)

Global heating (global oppvarming)

Plant-based (plantebasert)

Net-zero (netto-null)