Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var britiske The Guardian som først melde at dei ville oppdatera klimaspråket sitt. Ut skulle ord som klimaendringar og klimaskeptikar, inn skulle klimakrise og klimafornektar.

Ordet klimaendring blir for passivt og forsiktig når det vitskapsfolk snakkar om er ei katastrofe for menneskeslekta, skreiv avisa.

Dei ville vera vitskapleg presise, og på same tid kommunisera tydeleg med lesarane sine, ifølgje sjefsredaktør Katharine Viner.

Det gjekk ikkje lang tid før norske Morgenbladet følgde etter: «Klimakrisen er ikke noe som skjer i fremtiden, den skjer nå. Da kan vi like gjerne kalle den det», meddelte avisa i slutten av mai. 

NTBs linje er ikkje å forby ord.

Det kunne sjå ut til at ballen var i ferd med å rulla. Men i andre norske medium er det lite som tyder på at språkbruken om klima er i endring.

Oppfordrar til bevisst språkbruk

Mads Yngve Storvik er sjefredaktør i NTB. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Sjefredaktør Mads Yngve Storvik i NTB – eit nyhendebyrå som leverer innhald til norske medium – skriv følgjande i ein e-post til Framtida.no:

– NTB endrar ikkje språkbruken slik som The Guardian og Morgenbladet gjer. Derimot oppfordrar vi journalistane til ein bevisst omgang med klimaomgrepa.

– NTBs linje er ikkje å forby ord. Vi skriv for eksempel både klimakrise og klimaendringar og vurderer bruken utifrå konteksten.

Bør norske medium halda fram med å promotera flyreiser verda over? Det er «perverst» meiner ein politikar Framtida.no har snakka med.

Kan gå i to feller

– Ved å ikkje vere bevisst på språket kan ein gå i to feller. Ein kan anten bli for varsame, eller ein kan ta for hardt i og gå inn i rolla som aktivistar.

Det seier leiar for NRK si klimaarbeidsgruppe Astrid Rommetveit til Medier24 (ekstra).

Ho ser ikkje vekk ifrå at også NRK får ei eiga klimaordbok, men slår samstundes fast at NRK aldri vil få ein like «agendastyrt» journalistikk som The Guardian.

Ein kan anten bli for varsame, eller ein kan ta for hardt i og gå inn i rolla som aktivistar.

Der er statskanalen på linje med NTB, som vil vera så nøytrale som råd.

– Ettersom NTB også har eit stort mangfald av kundar, kan vi ikkje tenkje som ein enkelt redaksjon. Derfor er også NTB-språket mest mogleg nøytralt  – nettopp fordi vi har mange ulke kundar å ta omsyn til.

Men heilt utan brodd vil ikkje NTB-redaktøren ha på seg at dei er.

– Det betyr likevel ikkje at vi er heilt tannlause. NTBs språk og ordval blir ofte brukt som referanse av andre redaksjonar. Derfor oppfordrar vi også våre eigne journalistar til bevisst språkbruk uten at dei er bundne av absoluttar, fortel Storvik.

ABC følgjer NTB

Tor Strand er redaktør i ABC Nyheter. Foto: ABC Nyheter

ABC Nyheter har ikkje tatt saka opp til diskusjon endå, men kan stadfesta at NTB sin språkbruk ofte set standarden.

– Reint generelt, av praktiske grunnar, følgjer vi NTBs språknorm, fordi ein vesentleg del av det vi publiserer kjem derifrå, fortel redaktør Tor Strand.

ABC Nyheter lisensierer dessutan innhald frå The Guardian, og endrar ikkje på språkbruken når dei fører sakene over til norsk.

Same praksis gjeld for andre partnarar dei får innhald frå.

Kriseprat kan enda i fornekting

31. mai meldte også politisk redaktør i Dagens Næringsliv, Kjetil Alstadheim, seg på i debatten.

Han argumenterte i Dagsnytt 18 for at vi er nøydd til å bruka fleire ord for å beskrive ei så kompleks og samansett problemstilling.

Medan Greta Thunberg og somme politikarar har lukkast godt med sin tydelege språkbruk om klima, betyr ikkje det at media bør følgja etter, ifølgje Alstadheim.

– Vi i media skal ikkje nødvendigvis bruke dei same orda som politikarar, og politikarar kan heller ikkje berre rope høgare, sa Alstadhaug, og viste til at politikarar og media har vidt ulike roller.

Ved å skremme lesarar med snakk om krise og katastrofe, kan folk enda opp med å fornekta og dytta vekk denne informasjonen, heldt Alstadheim fram.

Kor nøye er det eigentleg om ein skriv klimaendring eller klimakrise? Framtida.no har spurd ein språkforskar og ein klimapsykolog.

– Blant enkelte grupper kan ordet klimaendringar faktisk redusere engasjement, fortel klimapsykolog Per Espen Stoknes. Her på scena under TEDGlobal i New York, 20. september 2017. Foto: Ryan Lash / TED