AUF ber Støre opne døra for samarbeid med Raudt og MDG

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire sentrale toppar i Ap har opna for eit regjeringssamarbeid med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) etter stortingsvalet i 2021. Det gjer òg Arbeidarpartiets ungdomsparti, som også vil samarbeide med Raudt.

Viktig å ikkje stenge dører

– På noverande tidspunkt er det ikkje riktig å stengje dører for nokon av dei på venstresida som vil bidra til regjeringsskifte i 2021, seier AUF-leiar Ina Libak til Klassekampen.

Libak understrekar samtidig at det er viktig «å ta ting i riktig rekkefølgje».

– Når eg no seier at ein bør opne for samarbeid, må ein på eit seinare tidspunkt setje seg ned og sjå korleis ei regjering faktisk skal sjå ut. Det er det ikkje riktig tidspunkt for no, seier AUF-leiaren.

Reelle bekymringar frå industrien

Til avisa skryter ho av lokale raudgrøne samarbeid, særleg med MDG. I både Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Kristiansand inngår Ap og MDG i samarbeidskoalisjonar.

Det har provosert fleire industritoppar i LO at Ap-toppar opnar for eit MDG-samarbeid. Libak seier ho har stor respekt for den bekymringa fagrørsla opplever.

– Det er reelle bekymringar vi må svare på. Det viktigaste vi skal gjere framover er å leggje ein plan for rettferdig omstilling som både kuttar utslepp og held folk i jobb, seier ho.

Les også: Berre SV, MDG og Raudt støtta klimastreikarane i Stortinget