Grøn Ungdom: – Velkommen til oss, AUF!

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inviterer AUF til å skifta moderparti

– Mens Arbeidarpartiet (Ap) ynskjer å pumpa opp olje langt inn i framtida, så er AUF og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) på linje i klimapolitikken, seier Ola Eian, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, i ein ny film på Facebook. Han meiner at Ap går til val med lik oljepolitikk som Høgre og Framstegspartiet.

– Viss de blir leie av å drive valgkamp for eit fossilparti som ikkje deler dykkar kloke syn på klimakrisa, så står døra open inn til oss og Miljøpartiet Dei Grøne, seier Eian.

Leiar i Oslo Grøn Ungdom, Hulda Holtvedt, meiner at viss avstanden mellom Ap og MDG blir rekna som for stor til å kunne samarbeide, så bør den også vera for stor mellom Ap og AUF.

LES OGSÅ: Fem tips for å gjere valkampen leveleg

Store usemje

Grøn Ungdom meiner at usemja er så stor mellom Ap og AUF at sistnemnde har blitt redusert til ein valkampmaskin.

For det er ikkje berre klimapolitikken Grøn Ungdom meiner AUF skillar seg frå Ap på.

Under årets sommarleir på Utøya utforma AUF ei liste med politiske krav til ei ny Ap-regjering, som blei møtt med ein kald skulder frå Jonas Gahr Støre og moderpartiet.

I ein kronikk i NRK legg sentralstyremedlem Jonas Nilsen og talsperson Anna Kvam frå Grøn Ungdom fram fleire område kor AUF og Ap er ueinige:

  • AUF vil ha forbod mot atomvåpen. Ap svarar nei.
  • AUF vil fjerne fråversgrensa. Ap svarar nei.
  • AUF vil ikkje samarbeide med KrF i regjering. Det vil Ap.
  • AUF vil avslutte utvinning av olje innan 2035. Ap vil opne for oljeverksemd i Lofoten.

«I møte med eit slikt Arbeiderparti er det ikkje mindre enn uforståeleg at AUF støttar Gahr Støres nei til samarbeid med MDG skriv Nilsen og Kvam.

LES OGSÅ: Slik skal Piateed få unge til å bruke stemmeretten

Ultimatum står i vegen for samarbeid

– AUF har fått gjennomslag for mykje på Ap sitt landsmøte som blir politikk i Noreg no etter valget, og me skal fortsette å dra Ap i riktig retning i klimaspørsmålet, seier nestleiar i AUF, Ina Rangønes Libak.

Ho meiner det er uklart kva MDG ser for seg i ei eventuelt ny regjering, og syntest det er dumt at Grøn Ungdom bruker tida si på å gå i mot AUF i staden for jobbe med det.

Ina Rangønes Libak. Foto: Andrea Rygg Nøttveit.

– Årets stortingsval kokar ned til enten nye fire år med Høgre og Frp i regjering, eller ein Arbeiderparti-regjering. I dag sit det stortingsrepresentantar som ikkje trur på klimaendringane ein gong. Difor burde MDG stå saman med oss, seier Rangønes Libak.

Ho fortel at AUF støttar Aps nei til regjeringssamarbeid med MDG på grunn av miljøpartiets ultimatum om å ikkje setje i gong ny leiting etter olje.

– Eg skjøner at det er vanskelig for Ap å skulle samarbeide med nokon som stiller så kraftige ultimatum før forhandlingane i det hele tatt er satt i gong, seier Rangønes Libak.

– Me syntest det ikkje er den beste måten å løyse klimakrisa på. Me treng ei regjering med eit sterkt leiarskap og heilt konkrete mål for kutt i klimagassane, meiner Rangønes Libak.

Få med deg leiarane i ungdomspartia si meining om norske verdiar!