Då ho var yngre var ho livredd for klimaendringar. Så bestemte ho seg for å gjera noko med det.
mm
Ina Rangønes Libak

Frå: Averøy

  • Alder: 28
  • Yrke: sosionom
  • Favorittfag på skulen: historie
  • Ulike verv: representant på fylkestinget i Akershus
  • Medlem i: FO, Fremtiden i våre hender, natur og ungdom
  • Kva gjer du i fritida/hobby: er i skogen, les bøker, tenkjer
LES FAKTALUKK FAKTA

Denne helga vart Ina Rangænes Libak vald til ny leiar av Arbeidarane si Ungdomsfylking (AUF), som mellom anna vedtok offisielt namn på nynorsk, samisk og kvensk.

Ho tek over etter Mani Hussaini, som har hatt vervet sidan 2014.

Me har stilt den nye AUF-leiaren nokre spørsmål om det nye vervet, kva som vekte engasjementet og kva som er dei viktigaste sakene framover.

Frå olje til fornybarsamfunnet

– Kvifor er det bruk for AUF i Noreg?

– Fordi Noreg ikkje er eit rettferdig land, men forskjellane aukar. Det er 100 000 barn som veks opp i fattigdom. Det kan ikkje vi stå og sjå på. Vi treng også at Noreg byrjar å bevege seg bort fra å vere ein oljeøkonomi og bli eit fornybarsamfunn. I den saka er det AUF som hever stemmen, skriv Libak.

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar i helga?

– Å ikkje opne nye olje- og gassfelt, bruke skattefordelane vi i dag bruker på olje på nye grøne næringar, doble barnetrygda, oppheve aldersgrensa og kravet om diagnose for å juridisk skifte kjønn, kreve maks 60 prosent av eit kjønn i trussamfunn som får statsstøtte og ta imot det talet kvoteflyktningar FN ber om.

Les også: AUF vil ha styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035

Mangfald i ungdomspolitikken

– Kva vil AUF merka av forskjell med deg som leiar?

– Eg er første kvinnelege leiar på 12 år, så det vil jo vere noko nytt.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg? 

– Då eg var yngre var eg livredd for klimaendringar. I staden for å sitte stille og berre bekymra meg ville eg gjere noko med det.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Det sikrar vi ved at det er eit mangfald av unge som er med i ungdomspartia. Alle må føla seg inkludert og at dei har ei stemme. Vi må snakke eit språk folk forstår og ikkje politikarspråk som vi har ein tendens til å gjere. I tillegg er det viktig at vi er ute og lyttar til kva folk føler på.

Les også: Vil ha fleire #kvinnerinn i politikken

Unge bekymra for framtida

– Kva er dei viktigaste sakene for AUF anno 2018?

– Kutte klimagassutslepp samtidig som vi held folk i jobb og skapar nye jobbar. Få ned forskjellane mellom folk i Noreg, om 10 år skal forskjellane vere mindre ikkje større. Og at unge skal sjå lyst på framtida – 1/3 unge er bekymra for framtida, alle må sjå at dei har moglegheit for jobb, bustad og moglegheiter i livet .

– Kva er idealsamfunnet?

– Små forskjellar og store moglegheiter for alle. Fornybarsamfunnet og at vi held oss under 1,5 grader så vi unngår katastrofale klimaendringar.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE