Berre éin av fem norske ungdommar er aktive nok

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No er det naudsynt med hastetiltak for å auke den fysiske aktiviteten, særleg for å fremme og for å behalde deltakinga til jenter, seier forskar Dr. Regina Guthold i WHO.

I Noreg har talet på gutar som er i for lite fysisk aktivitet, auka frå 2001 til 2016, då tala til rapporten vart henta inn. Studien viser òg ein auke i talet på jenter som er i for lite rørsle. I Noreg var over 78 prosent av gutane og 88 prosent av jentene for lite aktive i 2016, ifølgje undersøkinga.

Samla tal for både jenter og gutar viser at det er ei marginal positiv endring i aktivitetsnivået blant unge.

Likskapar i heile verda

Undersøkinga til WHO omfattar data frå 1,6 millionar ungdommar mellom 11 og 17 år frå 146 land.

Gjennomsnittstala viser at berre éin av fem ungdommar i verda er aktive nok. 81 prosent av dei unge hadde altså under éin time med fysisk aktivitet om dagen.

Og mønsteret var forbausande likt. Sjølv i landa med flest aktive ungdommar, som USA og Irland, fekk over 70 prosent for lite mosjon.

I landa med færrast aktive unge, som Sør-Korea, Sudan og Filippinane, var rundt 90 prosent for lite aktive.

Fordelane ved å halde seg i form er mange, påpeikar forskinga, både når det gjeld hjartet, lunger og skjelettet. Fleire studiar viser òg at fysisk aktivitet har ein positiv innverknad på kognitiv utvikling og sosialisering.

Påpeikar uvisse

Rapporten til WHO baserer seg på spørjeskjema utført på skular verda over. Ifølgje Forskning.no er det ein stor feilmargin i slike målingar. Det er vanleg at deltakarane feilrapporterer fordi dei hugsar feil eller gjerne vil setje seg sjølve i eit betre lys.

Dersom aktiviteten hadde vorte målt med bevegelsesmålarar, er det mogleg resultata ville vorte annleis. I ei undersøking ved Noregs idrettshøgskule frå 2018 viste bevegelsesmålarar til dømes at over halvparten av norske ungdommar fekk minst ein times mosjon om dagen.

Forskning.no påpeikar òg at ulike land ikkje nødvendigvis bruker same definisjonar for fysisk aktivitet. I utviklingsland med dårleg skuledekning er det heller ikkje sikkert at undersøkinga speglar det verkelege gjennomsnittet i landet.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner seier resultata frå rapporten skal inn i dei nye læreplanane som trer i kraft i 2020. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK