Ny forsking hevdar at stillesitting kanskje ikkje er så farleg

…men du bør ikkje liggje heilt på latsida. Poenget er å få opp pulsen når du bevegar deg.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Turdid Skrede jobbar til dagleg som høgskulelektor ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Foto: Privat

– Med våre objektive mål finn vi ikkje nokon samanheng mellom stillesitting og helse, men dess meir aktivitet, dess betre helse, seier Turid Skrede i ei pressemelding frå Norges idrettshøgskole.

I doktoravhandlinga si «Prospective associations between sedentary time, physical activity and cardiometabolic risk factors in children: The Active Smarter Kids Study»  har ho sett på i kva grad høvesvis stillesitting og fysisk aktivitet blant ungar aukar faren for hjarte- og karsjukdomar.

Til dagleg er ho høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

5. april disputerer ho for doktograden ved Norges idrettshøgskole.

Studerte 1200 femteklassingar

I løpet av skuleåret 2014/15 gjekk nesten 1200 femteklassingar frå 57 ulike skular i Sogn og Fjordane med aktivitetsmålar ei heil veke. I tillegg fekk dei målt høgd, vekt og ei rekke risikofaktorar for alvorlege sjukdomar.

Forskaren samanlikna så aktivitet og fysisk form med desse risikofaktorane: Stort midjemål, kroppsmasseindeks, høgt blodtrykk, ugunstig nivå av kolesterol og insulin.

Funna tydar på at:

  • Å sitte stille, også mykje, er ikkje så farleg som ein har trudd.
  • Det viktige er å vere i fysisk aktiv med moderat til høg intensitet.
  • Ein blir ikkje tung av stillesitting, men dei som er tunge blir oftast sittande for mykje i ro.
  • Barn med låg fysisk form har størst helseeffekt av å vere meir fysisk aktive.

Kritisk fråvær av aktivitet

Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) tek hjarte- og karsjukdommar kvart år livet av nesten 18 millionar menneske. Sjølv om sjukdomane i hovudsak råkar vaksne, kan dei byrje å utvikle seg allereie i barne- og ungdomsåra. Fysisk inaktivitet er ei av hovudårsakene til dette folkehelseproblemet.

Både WHO og Helsedirektoratet rår vaksne til å ha minimum 30 minutt aktivitet med moderat til høg intensitet dagleg. Barn og unge bør ha dobbelt så mykje. «Moderat» til «høg» tyder her aktivitet frå rask gange og oppover.

– Dersom vaksne sit 8-9 timar om dagen, må også dei passere ein time dagleg. Elles vert mykje stillesitting uheldig. Men det er altså fråværet av skikkeleg aktivitet som er kritisk. Difor er det urovekkande at så mange både vaksne og barn ikkje er aktive nok, seier Skrede i pressemeldinga.

Viktig å førebyggje vektauke

Ifølgje høgskulelektor Turid Skrede har tidlegare studiar ofte nytta TV- og skjermtid som eit mål på stillesitting utan at dei tek høgde for aktivitet resten av dagen. Då kan resultata bli påverka av kva ein gjer medan ein sit i ro, for eksempel om ein et snacks og drikk brus attåt.

Tidlegare har forskarar funne at du et meir et snacks når du ser høglytte tv-program.

Skrede meiner det har vore ein del skremselspropaganda rundt stillesitting. Ifølgje hennar forsking er det ikkje timane ved skulepulten eller i sofaen som er farlege.

– Det er ikkje noko poeng å erstatte sitting med roleg aktivitet. Når ein først er aktiv, skal ein kjenne hjartet slå skikkeleg, seier Skrede i pressemeldinga.

Konklusjonen er altså at det er viktigare at barn bør vere i høg aktivitet kvar dag, enn at dei skal sitte mindre.

– Det seier likevel noko om kor viktig det er å førebyggje vektauke også hos barn: Er dei først blitt tunge, får dei ein tung jobb som kan følgje dei heilt opp i vaksen alder. Alle har godt av å vere meir aktive, særleg for dei som er i dårlig form, understrekar forskaren.

Les også: Fleirtal for èin time fysisk aktivitet kvar dag på skulen