Sterke historier frå samar strøymer inn til sanningskommisjon: – Uendeleg vondt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Oldeforeldra mine på farssida måtte gi slepp på slektsnamnet då dei ville kjøpe seg eit stykke jord. I gamle dagar var slektsnamnet vårt eit vakkert samisk etternamn. I dag har vi eit anna namn, eit norsk eitt. Du kan seie at staten ikkje berre tok språket vårt og mykje av identiteten som er knytt til den. Dei tok namnet vårt også», skriv Ruth Bech.

Ho er ei av mange samar som har sendt inn historia si til Sannings- og forsoningskommisjonen.

Kommisjonen blir leia av tidlegare KrF-leiar og statsråd Dagfinn Høybråten, som også er generalsekretær i Kirkens Nødhjelp. Arkivfoto: Carina Johansen / NTB Scanpix / NPK

Kommisjonen er sett saman av Stortinget for å granske den uretten som vart gjort mot samar, kvener og norskfinnar gjennom fornorskingspolitikken, som starta allereie på 1850-talet.

– Vi har allereie fått inn rundt 60 historier, og folk er inviterte inn på alle plattformer. Dei kan skrive, dei kan sende lydopptak og dei kan be om å bli intervjua, seier leiaren av kommisjonen, Dagfinn Høybråten, til NTB.

Sterke inntrykk

Saman med elleve andre kommisjonsmedlemmer har han jobba i eitt år med å kartleggje fornorskingspolitikken og konsekvensane av han.

– Ein fellesnemnar er at etnisk bakgrunn, kulturell bakgrunn og språk ofte har vorte forbunde med skam. Det gjer at identiteten ofte har blitt halden skjult eller blitt forteia. Det vi gjer når vi inviterer folk inn til å fortelje historia si, er på mange måtar å be dei om å låse opp lukka rom, seier Høybråten.

Fredag heldt kommisjonen ope folkemøte i Oslo for å fortelje om korleis dei jobbar og ikkje minst inviterer folk inn for å dele historiene sine.

Høybråten synest spesielt minna folk har frå barndommen, gjer sterkt inntrykk.

– Barn er dei mest sårbare. Når dei då kjem inn i eit skulesystem og får beskjed om at dei skal legge bak seg alt dei har lært heime av språk og kultur. Og dei skal bli norske. Dette har vi fått nokre sterke uttrykk for, for kva det gjer med eit barn, seier han.

Sannings- og forsoningskommisjonen skal granske fornorskingspolitikk og urett gjort overfor samar, kvener og norskfinnar. Bak frå venstre: Liss Ellen Ramstad, Håkon Hermanstrand, Ivar Bjørklund, Einar Niemi, Ketil Zachariassen, Per Oskar Kjølaas, Liv Inger Somby og Anna-Kaisa Räisänen. Framme frå venstre Aslak Syse, Anne Kalstad Mikkelsen, Anne Julie Semb, Dagfinn Høybråten, Pia Lane, Marit Myrvoll og Cathrine Baglo. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Lei av å bli sett ned på

Men også vaksne fekk kjenne konsekvensane av politikken. Ruth Bech fortel i brevet sitt til kommisjonen korleis besteforeldra flytta til ei samisk bygd, men at mykje endra seg då det kom ein ny veg dit på 1930-talet.

«Med den nådde fornorskinga dei igjen på nytt, og bestemor mi og søskena hennar – stolte menneske – blei leie av å bli sett ned på, dei la om språket, dei la om klesdrakta og etter ei stund gjekk dei for å vere norske», skriv kvinna.

Ho fortel at fornorskingspolitikken har sett djupe spor, som ho sjølv merkar på kroppen den dagen i dag, til dømes gjennom splitting internt i den samiske befolkninga.

– Det gjer uendeleg vondt mykje av det som skjer no: ein blir kalla plastikksame, liksomsame og blir mobba med jamne mellomrom. Ikkje av nordmenn no, men av samar som meiner dei er dei ekte samane, fordi dei slapp unna fornorskinga. Og oss som er samiske av slekt og blod – men som ikkje kan språket, vi er ikkje ekte, skriv ho.

Nell Mathea Nygård Mjøen (15) og mora Lis Mona Mjøen (47) lærer seg samisk saman og er begge like ivrige over å finna tilbake til språket som oldemor og bestemor ikkje fekk snakka.

– Rører så djupt

Høybråten vedgår at arbeidet han har tatt fatt på, ikkje kjem til å vere konfliktfritt.

– Det er så sterke ting. Det rører så djupt, og då blir det òg sterke meiningar. Det er heilt naturleg. Det merkar vi òg i kommisjonen. Det er på mange måtar eit minefelt vi rører oss inn i, seier han.

Og legg til:

– Stortinget har bestemt seg for at vi skal rydde i dette minefeltet. I den forstand at vi skal få eit samla bilde av kva som skjedde og konsekvensane.

Ved sida av den direkte informasjonsinnhentinga frå rørte, skal kommisjonen nytte seg av skriftlege kjelder og annan dokumentasjon.

Hausten 2022 skal dei legge fram ein rapport om verknadane av fornorskingspolitikken og foreslå tiltak for vidare forsoning.

Foto: Hans Petersen