Samiske Nell Mathea (15): – Folk i klassen min spør meg kvifor eg ikkje kan samisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.10.2019 12:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mykje lettare å kle på seg eit samisk smykke enn å lære seg eit heilt språk, seier Maria Karlsen.

Både i øyrene og skjult nede i halsen på hellegenseren har ho samiske smykke.

21-åringen vaks opp utan kunnskapen om at ho var samisk og er i ferd med å finne tilbake til språktradisjonen som forfedrane hennar har mista.

Ho har kofte og smykke som uttrykker den samiske identiteten, men språket er det verre med.

Maria Karlsen (21) frå Tromsø ville ha samisk valfag på ungdomsskulen. Sidan ho ikkje visste at ho var samisk , visste ho heller ikkje at ho hadde rett på undervisning.

«Oktanuppelohkài»

2019 er FNs internasjonale år for urfolksspråk. Difor arrangerer Sametinget samisk språkveke 21.-27. oktober. Målet er å løfta statusen til dei samiske språka og at samiske språk skal høyrast og sjåast over heile landet.

Dei siste åra har ein kunne lese saker om at samane har teke stoltheita tilbake, særleg ungdommane. Etter at fornorskinga herja i dei samiske områda i nord frå 1850-1950-åra, la det språket brakk for fleire generasjonar. No er fleire i ferd med å ta det tilbake.

– Betyr «logut» tal eller tala? spør Vilde Mari Guttormsen.

Sjølv om alle rundt bordet er samiske er det ingen som kan svaret på språkspørsmålet.

Det er nybyrjarkurs i nordsamisk på Samisk Hus i Oslo.

Lærar Risten Lango les opp tala og forsamlinga gjentek: «okta», «guokte», «golba»,«njealje», «vihtta», «guhtta», «čieža», «gávcci»,«ovcci», «logi», «oktanuppelohkài», «guoktenuppelohkài»…

Språkleg identitet

– Skal me ta det litt fortare? Spør Lango lurt, før ho forklarar at nuppelohkài betyr etter ti og at «logut» betyr tal.

Språklæraren meiner det er viktig at dei som har moglegheit bidreg når interessa for å læra seg språket er så stor.

– Ein må rett og slett få folk til å våge seg utpå og snakke språket, forklarar Lango, som fokuserer på at det skal bli naturleg for kursdeltakarane å bruka språket seg i mellom.

Ho understrekar at språk er tett knytt til identitet og at det er vanskeleg å snu på det når ein først har danna seg ein annan språkidentitet.

– Så desse menneska, som eg ikkje kjenner frå før av, er for meg samiskspråklege, understrekar 52-åringen.

Hovudlærar Risten Lango (t.v) vaks opp i ein reindriftsfamilie heimehøyrande i Kautokeino og fekk derfor med språket heimefrå. Det var ikkje tilfellet for 53 år gamle Gunn Sissel Ingebrigtsen frå Harstad (bak), 47 år gamle Lis Mona Mjøen frå Tromsø og dottera Nell Mathea Nygård Mjøen.

Hovudlærar Risten Lango (t.v) vaks opp i ein reindriftsfamilie heimehøyrande i Kautokeino og fekk derfor med språket heimefrå. Det var ikkje tilfellet for 53 år gamle Gunn Sissel Ingebrigtsen frå Harstad (bak), 47 år gamle Lis Mona Mjøen frå Tromsø og dottera Nell Mathea Nygård Mjøen.

To tapte generasjonar

Når Vilde Mari Guttormsen  svarar «nei» på spørsmål om ho kan samisk har ho opplevd å få høyra at: «Då er du ikkje ordentleg samisk». Desse reaksjonane gjekk meir inn på ho då ho var yngre.

– Eg skulle ynskje eg kunne det og eg prøver å læra meg det, men eg ser ikkje på det som eit kriterium for å vera samisk nok, understrekar ho.

Venninna Maria Karlsen føler på si side det er ei stor urett ho må rette opp i, når ho no puggar gloser.

– Eg føler jo at det er ein veldig stor urett at eg ikkje kan dette språket. Det føles ut som noko eg skulle kunne. Eg må konstant minne meg på at det ikkje er noko eg kan noko for, seier Maria Karlsen.

– Det er jo ikkje frivillig at me har lagt det frå oss… Diverre.

21-åringen frå Tromsø forklarar at det samiske språket har vore borte frå familien hennar i to generasjonar. Ho hadde fleire oldeforeldre som snakka samisk, noko dei ikkje lærte vidare til hennar besteforeldre.

– Eg hadde ei bestemor som prøvde å læra meg å tella på samisk då ho var veldig gamal. Det var gøy å læra seg, men ho kunne ikkje noko ordentleg samisk, forklarar Karlsen.

Sexy samisk

– Det handlar jo om å ta det tilbake. Det trur eg alle me har til felles. Nokre tidlegare generasjonar har snakka det og så gjer ikkje me det, difor har me lyst å ta det tilbake, seier venninna Vilde Mari Guttormsen støttande.

Sjølv om dei to tromsøværingane ikkje har høyrt samisk heime, er dei van med å sjå og høyra samisk til ein viss grad, sidan heimbyen har både samisk og norsk skilting. Dei har plukka opp nokre tal og fraser, men er langt ifrå flytande.

Samiske Nell Mathea Nygård Mjøen frå Oslo har på side lite kjennskap til språket.

– Eg trur ikkje eg har høyrt noko, eigentleg, seier 15-åringen.

Ho synest det er vanskeleg å hugse uttalen og kva dei ulike orda betyr. Men alle tre er einige i at det er gøy å lære seg eit nytt språk.

Maria Karlsen synest det på ein måte kjennest rett ut å snakka samisk.

– Ein lagar så mange artige lydar med munnen sin. Det er gøy å snakke. Og så høyres det pent ut, seier 21-åringen, som får støtte av venninna.

– Det høyres veldig pent ut. Og så er det veldig sexy, slår Vilde Mari Guttormsen fast.

Samisk er eit veldig høfleg og munnleg språk, difor fokuserer lærarane på mest mogleg munnleg aktivitet under kurset.

Samisk for alle?

På bordet ligg fleire utgåver av læreboka Davvin 1, som kom ut i 1992. For det samiske språket er litt av utfordringa at det er mangel på både lærarressursar og oppdatert læremateriell.

Kor vidt alle bør læra seg litt samisk på skulen er det delte meiningar om, men alle rundt bordet er einige i at det burde vore meir samisk historie i den norske skulen.

Verken Vilde Mari Guttormsen eller Maria Karlsen har hatt samiskundervisning på skulen. Ifølgje Vilde spurde mor hennar om samiskundervisning, noko ho vart frarådd. Karlsen visste på si side ikkje at ho var samisk og dimed hadde rett på morsmålopplæring.

For Nils Kristian Gaup Bjerke frå Bærum var stoda ei ganske anna. 24-åringen har hatt samiskundervisning gjennom mesteparten av sin skulegong og feriert mykje i Sápmi.

For Bjerke, som dei siste åra har snakka lite samisk i det daglege, handlar det litt om å bryta ein barriere der det er litt «kleint» å snakka eit språk han ikkje er heilt trygg på.

– Ein har ikkje lyst til å seia noko feil. Eg har vakse opp med dette, så eg veit jo at det samiske språket er ekstremt munnleg, så uansett kor kleint det er så må ein berre bite saman tenna for å snakke, ler 24-åringen.

Grava til bestemor

– Me lærte jo at det ikkje var lov å snakka samisk ei stund, men me har ikkje lært så mykje. Dei fleste i klassen min trur at alle samar driv med reinsdyr, forklarar Nell Mathea Nygård Mjøen (15) frå Oslo.

Ho er på samiskkurs saman med mor si.

– Eg trur ikkje eg kjem til å snakka språket flytande, men det er heller ikkje målet. Det hadde vore kjempefint å gå på grava til bestemor og seie noko hyggeleg, seier Lis Mona Mjøen.

Ho skjønte det ikkje som lita, men i dag synest 47-åringen frå Tromsø det er heilt forferdeleg å tenkja på bestemor si som ikkje fekk lov å snakka morsmålet sitt.

Ho lærte likevel nokre samiske gloser frå bestemor si.

15-åringen har den siste tida byrja å syngja på samisk og har eiga Ullsfjordkofte, sydd av bestemor, som ho både vart konfirmert i og brukar på høgtidsdagar som 17. mai og samefolkets dag.

– Folk i klassen min spør meg kvifor eg ikkje kan samisk, men det var jo ikkje lov, forklarar Nell Mathea Mjøen.

– Eg har lyst å kunne samisk fordi oldemora mi kunne det. Og så fekk ho jo ikkje læra det vidare.

21-åringane Vilde Mari Guttormsen (t.v) og Maria Karlsen uttrykker sin samiske identitet mellom anna gjennom klede og har begge sydd eigne kofter.

– Det kjennest rett

Vilde Mari Guttormsen klarar ikkje heilt oppsummera kjensla av å snakka språket sitt, men det er definitivt positivt.

Det er venninna einig i.

– Det kjennest rett. Kvar gong eg klarar å seie noko på samisk og har lært meg eit nytt ord så er det ein så ufatteleg stor siger, avsluttar Maria Karlsen.

Samiske Viktoria Langmo Petersen (16) godtok ikkje hetsen. Tidlegare i år kom den historiske dommen der ein nordmann for første gong vart dømd for samehets. Foto: Hans Petersen