På polartokt for å betre vêrvarslinga

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.11.2019 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei unike observasjonsdatasetta som vi forventar frå denne feltkampanjen vil bidra til å avdekkje svakheiter i vêrvarslings- og klimamodellar, og vi vil bruke den nye kunnskapen til å forbetre desse modellane.

Det seier direktør Jørn Kristiansen ved Senter for utvikling av varslingstenesta på Meteorologisk institutt (MET) til Nynorsk pressekontor.

Toktet, som har fått namnet MOSAiC, er det største polare forskingstoktet nokosinne.

– MOSAiC er tett knytt til eit 10-årig forskingsprogram under FNs meteorologiorganisasjon (WMO) kalla YOPP (Year of Polar Prediction) der MET spelar ei viktig rolle, seier Kristiansen.

Skipet Polarstern var på ekspedisjon til Antarktis i 2013. No skal skipet frysast fast i isen i Arktis. Foto: Stefan Hendricks

Skal drive i isaude i eitt år

Isbrytaren RV Polarstern segla frå Tromsø 29. september med fleire hundre forskarar om bord. Skipet skal frysast fast i polarisen og flyte med ein gjennomsnittsfart på sju kilometer per døgn frå aust i Sibir.

Eit nettverk av observasjonspostar vil bli sette opp i ein avstand opp til rundt 50 kilometer frå skipet, og observasjonar skal samlast inn frå 4000 meter under havoverflata til 35.000 meter opp i lufta.

Dette 11 meter høge meteorologiske tårnet blei sett opp på isen tidlegare i oktober. Foto: Esther Horvath

Både skipet og det omkringliggjande observasjonsnettverket vil drive saman med isen mot Atlanterhavet i eit heilt år.

Hovudmålet er å få betre forståing av klimasystema i Arktis. Mange fysiske prosessar, til dømes relatert til havis, og fenomen, som for eksempel polare lågtrykk, er unike for Arktis og ikkje veldig godt forstått.

– Arktis er eit område kor observasjonstettleiken er låg. Nye målingar gir auka forståing og ny kunnskap, fortel Kristiansen.

– Det som skjer i Arktis blir ikkje i Arktis, og dei raske klimaendringane vil også påverke vêr og klima utanfor. Desse såkalla koplingane mellom Arktis og mildare breiddegrader er ikkje fullt ut forståelege og krev meir forsking, legg han til.

Vêrvarslinga blir betre

Forskinga og observasjonane frå MOSAiC vil truleg bidra til ny kunnskap som igjen vil forbetre vêrvarslingsmodellane.

Det vil skje både gjennom auka forståing av dei fysiske prosessane, til dømes snø på havis, og gjennom betre utnytting av eksisterande og nye observasjonar.

– Det er for eksempel utfordrande å tolke satellittmålingane over havis, fordi den er veldig refleksiv, seier Kristiansen.

Isbjørnar på den arktiske isen. Bilete er frå ein ekspedisjon i 2015. Foto: Mario Hoppmann

Budsjett på 1,2 milliardar

For fire år sidan bidrog eit liknande tokt til å betre vêrvarslingstenesta Yr. Då var det forskingsskipet Lance, som på same måte som Polarstern, lèt seg fryse fast i isen i Arktis. Dataa frå den gong blei òg brukt til å forbetre vêrmodellen for dei arktiske områda.

MOSAiC er forkorting for The Multidisciplinary drifting Observatory for the Study of Arctic Climate. Det er eit internasjonalt konsortium av leiande forskingsinstitusjonar som står bak toktet. Budsjettet er på meir enn 120 millionar euro, det er 1,2 milliardar norske kroner.