Ny forsking: Dei fleste unge som slit med sjølvskading klarar seg bra i vaksenlivet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i at mange ungdommar opplever sjølvskadande åtferd, går det godt for dei fleste seinare i livet. Det syner ny forsking frå Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

Det er UiT som sjølv omtalar forskingsrapporten.

UiT-forskarane har følgt opp ei spørjeundersøking som vart utført blant nordnorsk ungdom mellom 2003 og 2005.

Nesten 4000 tiandeklassingar – 68 prosent av kulla – svara, og forskarane har no undersøkt korleis det har gått med desse som unge vaksne. Har dei motteke helsehjelp for psykiske lidingar? Har dei vore arbeidsledige i lengre tid, eller motteke langvarige trygdeytingar?

Ni prosent fortel om sjølvmordsforsøk

Til saman oppga 44,2 prosent av 15-16-åringar å ha hatt ei form for sjølvskadande åtferd.

Forskarane kategoriserte sjølvskadande åtferd i fire grupper, og slik fordelte svara frå ungdomen seg:

  • Sjølvskading utan tankar om å ta livet sitt: 10,1 prosent
  • Sjølvmordstankar utan sjølvskading: 13,3 prosent
  • Sjølvmordstankar med sjølvskading: 11, 8 prosent
  • Sjølvmordsforsøk: 9 prosent

Det tyder at kring kvar tredje 10. klassing har hatt sjølvmordstankar.

– For nokre kan dette vere eit uttrykk for psykiske lidingar, men det er kjent at sjølvmordstankar er eit vanleg fenomen i ungdomstida, seier førsteforfattar av forskingsartikkelen, Christian Eckhoff.

– Ikkje åleine om å ha tunge tankar

Eckhoff er førsteamanuensis ved Det helsevitskapelege fakultet ved UiT, og arbeider også som lege ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i Tromsø.

Han seier dette nok reflekterer dei mange utfordringane i ungdomstida, som dei fleste kjenner på. Tidlegare forsking skal vise at 15-16-årsalderen har ein topp for sjølvmordstankar og at for majoriteten er dette mildt og vil gå over:

– Mange ungdomar er nok ikkje klar over kor vanleg dette er, og at dei ikkje er åleine om å ha tunge tankar, fortel Eckhoff.

Christian Eckhoff er førsteforfatter av forskingsartikkelen om sjølvskadande åtferd frå UiT. Foto: Jonatan Ottesen/UiT

Majoriteten har klart seg bra

Forskarane har følgt opp korleis desse elevane har klart seg fram til dei var 25 år.

Resultata syner at dess meir alvorleg den sjølvskadande åtferda var som ungdom, dess høgare risiko hadde ein for vanskar seinare i livet.

Av dei som hadde prøvd å ta livet sitt, hadde litt over halvparten anten vore arbeidsledig eller motteke langvarige trygdeytingar. Ein tredel av dei hadde psykiske vanskar i ung vaksen alder.

To tredeler av dei som hadde gjort sjølvmordsforsøk i ungdomstida hadde ikkje vore i kontakt med spsialhelsetenesta, eller motteke trygdeytingar for psykiske vanskar i ettertida.

– Dette tyder på at majoriteten av desse ikkje har hatt alvorlege psykiske problem i ung vaksen alder, seier Eckhoff.

Ungdom som hadde drive sjølvskading eller hatt sjølvmordstankar utan sjølvskading skilde seg ikkje særleg frå ungdom som ikkje hadde hatt slike problem. Dei hadde berre ein noko høgare risiko for psykiske lidingar enn resten av befolkninga.

Samanlikna med samar

Eit av hovudpoenga i undersøkinga var å samanlikne samisk ungdom og ikkje-samisk ungdom i Nord-Noreg.

Det var ingen forskjell mellom samiske jenter og ikkje-samiske jenter, men samiske gutar skilde seg ut på eitt punkt:

Dei rapporterte 2,5 gongar meir sjølvmordsforsøk enn ikkje-samiske gutar.

Christian Eckhoff seier dette er noko ein lyt ta på alvor, og at dei vil undersøke dei underliggjande årsakane til at samiske gutar rapporterer fleire sjølvmordsforsøk.

Gode areanaar

Artikkelforfattar og BUP-lege Christian Eckhoff seier det er avgjerande at ungdom som slit vert møtte med interesse og at kjenslene deira vert anerkjende.

Samstundes har han tru på at gode arenaar for samhold blant ungdom, som på skulen eller eit ungdomssenter, kan bidra til å motverke utanforskap og einsemd.

Eckhoff poengterer også at helsevesen og hjelpeapparat må støtte dei som fell utanfor, slik at dei får høve til å «plukke seg oppatt».

Torkel Eikevik var med i andre sesong av NRK-serien «Jeg mot meg». Foto: NRK