«Kjem sikkert til å døy aleine på grunn av sjokoladen og fordi ein ligg langt bak med pensum: F**k»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nyleg har eg innsett at eg ikkje har vore nokon god lagspelar. At eg har takla medspelarar, sendt vansklege pasningar, og bidratt til dårleg stemning på laget. Det har vore ganske gale, null fair play. Eg har ikkje spelt på lag med meg sjølv på lenge.

Det var ikkje slik at eg plutseleg vakna opp ein dag og innsåg dette ut av det blå. Men gjennom samtalar med nære vennar og familie begynte det å gå opp for meg at eg hadde det ikkje så bra som eg ønska å ha det.

Mine mål og ideal har over lengre tid vore utanfor mi rekkevidde, og når eg ikkje når det uoppnåelege har eg slengt drit til meg sjølv.

Når eg ikkje når det uoppnåelege har eg slengt drit til meg sjølv

Fekk ikkje toppkarakter: DRIT. Vennane la ut kjekke ting dei har gjort på insta, som ein ikkje var med på: SØREN. Har cellulittar og strekkmerker: Helsike. Fekk ikkje gjort alt på «To do»-lista i dag: F**n. Åt sjokolade sjølv om det ikkje var laurdag: SKAM. Ligg laaaaaangt bak med pensum: He**ete. Kjem sikkert til å døy aleine på grunn av sjokoladen og fordi ein ligg langt bak med pensum: F**k.

Eg har ønskt å prestere høgt på alle arenaer, samstundes som eg har vore stressa og bekymra for unødvendige småting. Det er ganske kjipt når den som er stygg med deg er den einaste personen du ikkje blir kvitt.

Når det kjem til eins eigne prestasjonar trur eg fleire av oss har ein tendens til å fokusere på det som gjekk gale, det som var dårleg, og det ein ikkje fekk til. Dette kan variere frå skule, jobb, trening, hobbyar, utsjånad og relasjonar. Vi ser på oss sjølve i søken etter å finne noko å angripe, når ein eigentleg burde sjå etter noko å komplimentere.

Tal frå Bufdir viser at ulike psykiske vanskar hos ungdom aukar frå ungdomsskule til vidaregåande. Nokre av dei mest utbreidde plagene er å føle at alt er eit slit, å bekymre seg mykje for ting, og søvnproblem. I 2017 svara heile 49 prosent av vidaregåandeelevane i undersøkinga at dei bekymra seg mykje for ting.

Det er ganske kjipt når den som er stygg med deg er den einaste personen du ikkje blir kvitt

Kva så om du ikkje fekk gjort alt du skulle i dag, ikkje trente så mykje som du hadde tenkt denne veka, eller ikkje har lest alt pensum til forelesinga? Kven bryr seg eigentleg om du ser ut som modellane i magasina eller ikkje?

Eg kjenner kanskje ikkje deg som les dette, men eg er ganske sikker på at du kan mykje og får til mykje, at mange er glade i deg, og bryr seg om deg. Og vakker er du også, det er eg heilt sikker på! Minn deg sjølv på det av og til.

Ein god lagspelar bryr seg om medspelarane sine, hjelp dei opp om dei fell, og spelar andre gode. Slik burde vi oppføre oss mot oss sjølve også. Ikkje spark deg sjølv når du ligg nede, strekk deg heller ei hand og få deg sjølv på beina igjen.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no