Fleire stemte blankt ved årets stortingsval
Nesten 30 prosent fleire stemte blankt i 2025, samanlikna med stortingsvalet i 2021.

– Det er kanskje eit eller anna med at ein vil bidra til demokratiet og samla valdeltaking, og delvis at ein synest at det er litt finare å stemme blankt enn å berre sitje heime.
Det seier Jo Saglie, statsvitar og forskar ved Institutt for samfunnsforsking på telefon til Framtida.no.
Fleire stemmer blankt
Tal frå Valdirektoratet viser at 24 632 nordmenn la blanke stemmesetlar i valurna ved årets stortingsval. Ved førre stortingsval var talet på blanke stemmer 19 103.
Det betyr at 0,8 prosent av stemmene ved årets val ikkje gjekk til noko parti.
Talet på veljarar som stemmer blankt har auka dei siste åra. Ved førre stortingsval stemte 0,6 prosent blankt, medan berre 0,4 prosent valde det same for 20 år sidan.
Allereie i 2004-2005 såg ein ei auke i blanke røyster, men fram til då gjorde ein ikkje skilnad på blanke stemmer og stemmer som vart forkasta på grunn av feil.
Jo Saglie trur auken i blanke stemmer kan ha samanheng med ei auka bevisstheit rundt moglegheita for å stemme blankt.
– Så kan ein jo seie at det ikkje er eit alternativ som har noka betydning, fordi ein like gjerne kunne la vere å stemme og effekten på valresultatet er jo det same.
Lite kunnskap
Saglie viser til ei undersøking blant veljarar i fire stortingsval mellom 2005 og 2021 der berre rundt 26 av over 7300 respondentar svarar at dei stemmer blankt.
Utvalet er difor svært lite, men svara tyder på at menn i større grad enn kvinner stemmer blankt, og at dei fleste som stemmer blankt er på midten av den politiske aksen.
Unge i alderen 18–30 år var den minste gruppa i undersøkinga, og svarte noko oftare at dei stemte blankt. Dette dreg snittalderen på dei blanke stemmene ned frå resten av utvalet, ein tendens som har auka med åra.
Aftenposten.no har òg funne at delen blanke stemmer er høgast i små kommunar.
Då Framtida.no intervjua den politisk interesserte førstegongsveljaren Hadia Mirza (19) frå Oslo vurderte ho å stemme blankt, men valde likevel å gje stemma si til eit parti.

Hadia Mirza (19) fekk endeleg stemme. Foto: Birgitte Vågnes Bakken