Rekordmange unge stiller til val i kommunevalet: – Bra for demokratiet!

Størst auke i Venstre og Høgre.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatering: I ein tidlegare versjon av artikkelen var prosenttalet for unge kvinner og menn slått saman, slik at andelen unge såg høgare ut enn det eigentleg var. Andelen unge kandidatar er likevel rekordhøg i 2019 samanlikna med tidlegare år.

9. september skal det veljast representantar til 356 kommune- og bystyre over heile landet. Totalt 54.254 personar stiller til val.

Ved førre kommuneval var det i alt 428 kommune- og bystyre med heile 58.093 kandidatar.

Men sjølv om talet på kandidatar er redusert, aukar talet på unge under 30 år som stiller til val.

Ny rekord

I haust er det 6684 unge under 30 år som stiller til val i kommunevalet, ifølgje tal frå SSB. Aldri før har så mange unge stilt til val før i Noreg.

Tobias Drevland Lund er leiar i Raud Ungdom. Arkivfoto: Beate Haugtrø

Størst andel unge er det på listene til Raudt (14,7 %), Miljøpartiet Dei Grøne (14,5 %) og Senterpartiet (14,1%).

– Jøss! seier Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund (23) når han høyrer tala.

– Raudt er eit veldig ungt parti, med mange unge medlemmar og kandidatar som vil endra verda. Det er bra Raudt satsar ungt, seier han på telefon til Framtida.no.

Sjølv stod han på førsteplass på Raudt si liste ved sist stortingsval, og står no på andreplassen ved fylkestingsvalet i Vestfold og Telemark.

Raudt har lenge skilt seg frå dei andre ved å ha hatt mange unge kandidatar, og har faktisk hatt ein nedgang i unge kandidatar sidan lokalvalet 2011.

SSB har ikkje tal for andelen unge på listene til MDG tidlegare kommuneval.

12,3 prosent av Arbeidpartiet sine kandidatar er unge under 30 år. Det er ein auke på 0,9 prosentpoeng frå 2015. Arbeidarpartiet og Senterpartiet er dei partia som har hatt størst auke i talet på unge kandidatar sidan 2007, med ein oppgang på høvesvis 3,7 og 4,1 prosentpoeng.

LES OGSÅ: Rekordhøgt medlemstal for AUF

Sondre Hansmark er leiar i Unge Venstre. Foto: Beate Haugtrø

Størst auke for Venstre

Størst auke i andelen unge frå førre kommuneval er det Venstre som har. Partiet aukar talet på unge kandidatar med 1,4 prosentpoeng til 11,7 prosent.

– Dette synest eg er veldig bra. Dette er noko me har jobba ganske systematisk for å få til, seier Sondre Hansmark (23), leiar i Unge Venstre på telefon til Framtida.no.

Hansmark gler seg over at den unge veljarmassen til Venstre blir reflektert i talet på unge på listene, og viser til at halvparten av alle veljarane er under 40 år.

I tillegg stemte 11 prosent av førstegongsveljarane på Venstre ved sist stortingsval.

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud skulle helst sett fleire unge på listene til FrP. Foto: FpU

Minst oppgang på listene til FrP

Framstegspartiet har 11 prosent unge under 30 år på listene sine. Ein oppgang på 0,2 prosentpoeng.

FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud (26) skulle gjerne sett at det var fleire unge på listene.

– Eg har inntrykk av at FrP ønskjer fleire unge på listene. Det er positivt at det er fleire unge som stiller til val, seier Svendsrud på telefon til Framtida.no.

Han legg til at partiet har fleire unge tillitvalde enn før. Då han tok over som formann i 2016 var det 40 lokallag i FpU. No er talet kring 60.

Unge Høgre-Sandra: – Bra for demokratiet!

Av regjeringspartia er det Høgre som har størst andel unge på listene sine med 12,3 prosent. Dei opplever ein auke på 1,6 prosentpoeng, noko som er nest best av partia.

– Det er veldig gøy og bra at så mange unge vil stilla til val for Høgre. Det er bra for demokratiet, for Høgre, og for at unge skal få avgjera meir over kommunen dei bur i, skriv Sandra Bruflot (27) i ein epost til Framtida.no.

Høgre har 890 kommune- og bystyrekandidatar, og 120 fylkestingskandidatar under 30.

Partiet har òg éin fylkesordførarkandidat under 30, og 10 ordførarkandidatar under 30 frå Høgre.

Sandra Bruflot er leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre

Skulle gjerne hatt fleire på kumulert plass

Høgre har i alt 62 førehandskumulerte ungdomskandidatar under 30 på kommune-og bystyrelistene.

– Me oppfordrar alltid Høgre til å ha ungdomskandidatar på kumulert plass, og dei aller fleste prøver å få til det i kommunen sin. Talet skulle gjerne vore endå høgare, men veldig mange unge kandidatar er gode på å driva valkamp og å få personstemmer og slengarar, så dei rykker fort inn i kommune-og bystyra frå lågare plasseringar på listene òg, understrekar Sandra Bruflot.

Unge Høgre-leiaren trur det er viktig for valdeltakinga blant unge at det er mange unge på listene, frå alle parti.

LES OGSÅ: Har Kongen stemmerett?

Rode Hegstad smiler

Rode Hegstad er styreleiar i LNU og oppmoder fleire til å stemma fram fleire unge. Foto: Lena Rutan Fidjestad / LNU

LNU: – Stem fram unge kandidatar!

Rode Hegstad, styreleiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), er glad for auken i talet på unge kandidatar.

– Det høyrest veldig bra ut at partia prioriterer unge på listene ved kommunevalet. Me ser at unge under 30 år er underrepresentert i kommunestyra i dag, seier ho.

Men at det er rekordmange unge på listene, betyr ikkje at det blir rekordmange unge i kommunestyra. Ei utfordring er å få nok unge høgt nok på listene til at dei blir valde, understrekar LNU-leiaren.

Til hausten startar LNU ein kampanje for å få fleire unge til å bruka stemmeretten og for å stemma fram unge kandidatar.

– Eg håpar me får endå fleire unge til å bruka stemmeretten sin til å stemma fram endå fleire unge, seier Rode Hegstad.

LES OGSÅ: Unge er meir villige til å støtta klimapolitikk