Sandnes på topp i bruk av ukvalifiserte lærarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette skuleåret var det planlagt at 7,4 prosent av undervisninga i Sandnes skulle gjennomførast ved bruk av ukvalifisert arbeidskraft.

Til samanlikning nyttar Bergen 1 prosent ukvalifisert arbeidskraft, medan landsgjennomsnittet ligg på 4,6 prosent, skriv Stavanger Aftenblad.

Politikarane hevar ikkje på augebryna av dette

– I Sandnes hevar ikkje politikarane på augebryna av at så mange lærarar ikkje oppfyller kompetansekrava, seier leiar Hans Fredrik Hansen i Utdanningsforbundets lokallag i Sandnes.

Han meiner det ikkje er lagt inn pengar i budsjettet til å få tak i dei om lag 70 årsverka med kvalifiserte lærarar som manglar.

Ikkje pengar nok til lærarnorma

Frp-politikar Kristoffer Birkeland leier oppvekstutvalet i Sandnes. Han viser til at Sandnes får færre millionar enn det som trengst for å finansiere lærarnorma.

– Vi blir nøydde til å ta vekk nokre hender for å setje inn nokre andre. Då kan det fort vere at det samla tilbodet ikkje blir noko betre, seier Birkeland, som meiner formell kompetanse ikkje åleine avgjer om ein lærar er god eller ikkje.

Tal frå Grunnskulens Informasjonssystem for skuleåret 2018/2019 viser at Sandnes brukte 7,4 prosent ukvalifiserte lærer. Deretter følgjer Bærum (6,7 prosent), Drammen (6,3), Oslo (6,2), Stavanger (6,1), Trondheim (3,2), Tromsø (2,5), Kristiansand (1,7), Fredrikstad (1,2) og Bergen (1).