Læraryrket har fått høgare status blant vidaregåandeelevar

Ei ny undersøking viser at fire av ti elevar på vidaregåande skule meiner lærar er eit attraktivt yrke.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom 2009 og 2019 har statusen til læraryrket auka i aldersgruppa 16 til 22 år, viser ei undersøking gjennomført av Respons Analyse på oppdrag for Kunnskapsdepartementet.

Læraryrket kjem høgare opp enn tidlegare når ungdommen blir bedd om å rangere 11 yrke. Heile 6 av 10 svarer «ja» eller «kanskje» på spørsmål om dei kunne tenkje seg å bli lærarar, mens 45 prosent trur løna er lågare enn ho eigentleg er.

Les også: Rekordmange lærarar søker vidareutdanning, men framleis ikkje nok

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet står det at Noreg har behov for 5800 lærarar innan 2040, og den nye lærarnorma gjer behovet ekstra stort i barneskulen.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø seier at då lærarutdanninga blei eit femårig masterprogram, auka også startlønna for lærarane. Fleire kommunar lokkar med stipend og andre gunstige ordningar for å lokke til seg lærarar.

– Dersom ein vel lærarutdanning frå 1.–7. trinn er ein nesten garantert jobb uansett kvar i landet ein bur, seier Nybø.

Les også: Regjeringa vil gje høgare løn til «superlærarar»