7.800 barn kan miste offentleg støtte til tannregulering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helseminister Bent Høie (H) varsla allereie i forslaget til statsbudsjett at regjeringa vil stramme inn kriteria for kva for barn som skal få offentleg støtte til tannregulering og kjeveortopedisk behandling.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: Bjørn Stuedal/regjeringen.no

No har ei arbeidsgruppe, der mellom anna Den norske tannlegeforening og Norsk kjeveortopedisk foreining har vore med, utarbeidd eit forslag til kva for tilstandar som bør få statlege støtte eller ikkje.

Dei nye kriteria vil innebere at om lag 7.800 færre barn årleg vil få støtte til regulering.

– Unødvendig og svært kostbar tannregulering

I dag startar årleg rundt 31.000 barn med kjeveortopedisk behandling med støtte frå folketrygda.

– Dette er eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med å avvikle støtte til tannregulering av kosmetisk karakter som ikkje har tyding for tannhelsa. Dagens støtteordning oppmuntrar foreldre til å starte opp med unødvendig og svært kostbar tannregulering, seier Høie.

Noreg på reggis-toppen

Høie ønskjer å få talet på barn med tannregulering ned på dansk og svensk nivå. Mens rundt 25 prosent av årskulla i Danmark og 27 prosent i Sverige får tannregulering, er den norske delen oppe i heile 50 prosent, ifølgje ein SSB-rapport frå tidlegare i haust.

Medlem av arbeidsgruppa, Per Lüdemann, seier det truleg ikkje er noko anna enn ulike finansieringssystem og ulike regelverk som kan forklare forskjellane mellom dei skandinaviske landa.

Mens kjeveortopedi i Sverige og Danmark er ein del av det offentleg systemet og gratis, er det i Noreg eit frittståande system der barn blir vist til private tannlegar. Delar av behandlinga blir dekt av folketrygda, resten ved ein eigendel. Tannlegane kan fritt setje prisane slik dei ønsker.

– Vi har eit såkalla «fee for service»-system, der tannlegane får pengar ut frå det dei gjer. Det kan vere eit incitament til å gjere ting, seier Lüdemann til NTB.

– Ikkje sjukdom, men normal variasjon

Forslaga inneber å kutte heilt eller delvis i støtta til barn med mindre alvorlege tannstillingsfeil, som til dømes mindre overbitt og små mellomrom mellom tennene.

– Vi har tatt utgangspunkt i at dette ikkje er sjukdommar, men ein del av ein normal variasjon, på same måte som øyre og nasar kjem i ulike storleikar, seier Lüdemann.

Ifølgje dei nye kriteria skal det ikkje lenger vere nok å ha ei viss mengde millimeter over «norma» for å få støtte. Arbeidsgruppa vil at det skal leggast meir vekt på ei individuell vurdering.

I rapporten blir det likevel problematisert at dette òg kan føre til auka forskjellar. «Ved at det kan bli tatt individuelle omsyn, er det mogleg at meir pågåande pasientar og pårørande i større grad kan få rettar enn andre», heiter det.

Kan auke klasseskilja

Arbeidsgruppa problematiserer òg at endringane kan føre til auke klasseskilje. Barn med foreldre med god råd, kan i større grad ta seg råd til å rette opp òg mindre kosmetiske avvik.

Allereie i dag er det relativt høg eigendel og sosiale forskjellar når det gjeld kva for barn som får tannregulering, blir det påpeika, i tilvising til SSBs rapport.

Der kjem det fram at det er vanlegare å ha tannregulering blant barn med foreldre med høgt utdannings- og inntektsnivå enn blant dei med foreldre med lågare utdannings- og inntektsnivå.

Innvandrarbarn har òg i mindre grad tannregulering samanlikna med den andre barnebefolkninga.

– Å fjerne ein stønad kan alltid føre til auka sosiale forskjellar. Samtidig ser vi ikkje at fleire barn bruker private tilbod i Sverige og Danmark, seier Lüdemann.

Les også: Yrket mitt: Signe (31) er tannlege

Den er fantastisk kjekt å byggje oppatt skadde framtenner, slik at folk kan smile breitt igjen, fortel tannlege Signe Rydland. Foto: Privat