Ni av ti vil ha tannhelse inn i det offentlege helsetilbodet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støtte til denne påstanden er jamt fordelt på tvers av politiske preferansar, ifølgje undersøkinga, som er utført av Opinion for FriFagbevegelse og Dagsavisen.

94,4 prosent av veljarane til Raudt og Arbeidarpartiet meiner tannhelse bør bli ein del av det offentlege helsetilbodet, mens 83 prosent av Høgre-veljarane meiner det same.

Les også: Lita interesse for tannhelsefinansiering på Stortinget

Villige til å betale meir skatt

Halvparten av dei spurde er i ganske stor grad eller svært stor grad villig til å betale meir skatt for at tannhelse heilt eller delvis skal dekkjast av det offentlege. 24 prosent er ikkje villige til å betale meir skatt for å få til dette.

Barn får gratis tannbehandling av den offentlege tannhelsetenesta, mens 19-20-åringar kan få redusert pris. Vaksne med visse sjukdommar, skadar eller tilstandar, og enkelte andre grupper, kan få støtte til å dekke delar av kostnadene med tannbehandling. Ein oversikt over desse finst på nettsida helsenorge.no.

Er du villig til å betale meir skatt for eit offentleg tannhelsetilbod?

Er du villig til å betale meir skatt for eit offentleg tannhelsetilbod?

I stor grad 23
I ganske stor grad 18
I liten grad10
Ikkje villig49
Svar totalt: 100