– Viktig at ungdom får sagt kva dei meiner

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 06.08.2018 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle bør ha ungdomsråd. Det er viktig at ungdomen får sagt kva dei meiner i saker som vedkjem dei, og at det ikkje berre er eldre politikarar som bestemmer over oss.

Det seier Christian Landbo Olesen, leiar av ungdomsrådet i Hammerfest. Han meiner at ungdomsråda er nyttige, og at det er lærerikt å vere med i eit.  

– Ein lærer seg jo å komme med saker, og finne gode argument for dei, seier han.

Ungdomsråd vart den 31. mai i år lovfesta av Kommunalkommiteen på Stortinget, men det er framleis mange kommunar som står utan. 

Kjempar for samisk språkopplæring

Christian Landbo Olesen er leiar av Hammerfest ungdomsråd. Foto: Privat.

Ungdomsrådet skal kjempe for saker som angår ungdom i sin kommune. Blant sakene Hammerfest ungdomsråd jobbar for, er samisk språkopplæring.

– Den er ikkje der den burde vere. Ei undersøking me gjennomførte, viste at 40 prosent ønskjer opplæring i samisk, og tilbodet me har i dag er ikkje godt nok til det, seier Olesen.

Han fortel òg at dei jobbar for betre helsetenester i kommunen, og forbetring av kvaliteten på skulane i Hammerfest. Dei får sjansen til å fremje dei viktigaste sakene sine for kommunestyret.

– Me følte at det blei lytta til. Dei visste om fleire av problema me tok opp, og dei tykte det var bra at me pressa litt på det.

Ei av sakene ungdomsrådet har fått igjennom er innføring av politihund i Hammerfest.

Les òg: Lovfestar ungdomsråd i alle kommunar

– Alle får sagt noko

Hammerfest ungdomsråd består av ni faste medlemmar, i tillegg til ni vara. Medlemmane er i forskjellige aldersgrupper, og går ved forskjellige skular i Hammerfest. 

– Det fungerer bra. På møta er folk saklige, og alle får sagt noko.

Han fortel at det er viktig at alle på møta føler seg velkomne og trygge.

– Dei som er stille, er ofte dei som har mest å seie. Det gjeld å lage eit godt miljø, og vere flinke til å seie i frå, seier han.

Les òg: – Mange som vil lytte til ungdom, men som ikkje høyrer etter når dei snakkar

Samla alle ungdomsråda i Finnmark

I fjor og i år har dei fått til eit møte saman med dei andre ungdomsråda i Finnmark.

Hammerfest ungdomsråd har fått igjennom fleire av sakene dei har jobba for. Christian Landbo Olesen sit til venstre, på andre rekke. Foto: Hilde Therese Normo.

– Det fungerte veldig bra, og me fekk mange godsaker ut av det. Blant anna når det gjeld transporttilbodet i Finnmark, fortel han.

Dei har vore med og kjempa for ungdomskortet, eit månadskort på kollektivtransport som gjeld i heile Finnmark. 

På det siste møtet med dei andre ungdomsråda var fråværsgrensa eit viktig tema, men Olesen fortel at dei ikkje prøver å bli kvitt 10 prosent-regelen.

– Me kjempar for å forbetre forholda rundt grensa. Me ser at det er mykje lettare å forbetre og endre på han, enn å direkte fjerne han, seier Olesen.

Les òg: Vil jobba mot press og evig jag

Mykje arbeid i rådet

Men sjølv om ungdomsrådet fungerer bra, fortel han òg at det er mykje arbeid i det.

– Ein bruker jo fleire timar utover dei der ein er på møte. Skal ein jobbe for ei sak, må ein ringe rundt, skrive ned forslag, og liknande. Så det tek jo ein del tid, seier han.

– Men det er jo òg slik at det er så mykje jobb som du gjer det til, legg han til. 

Sjølv er Olesen snart ferdig som leiar i ungdomsrådet. Til hausten er det nytt val, og sidan han er atten år, er dette det siste året han kan vere med. Men han ser ikkje vekk i frå at han held fram med politikk.

– Det er fullt mogleg at eg vil fortsetje med politikk. Det spørs litt på kvar eg buset meg. Om eg blir i Noreg, trur eg det er ein god sjanse for at eg fortset, for det er utruleg artig.

Les òg: Vil stanse Netflix si nysatsing