Internasjonale kjendisar innrømmer at dei er hyklarar når dei støttar klimarørsla

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit ope brev til media, oppmodar store, internasjonale kjendisar media om å ta ansvar for å spreie fakta om klimakrisa.

Dei innrømmer i teksta at det er hyklersk å vera storutsleppar av klimagassar, samstundes som ein støttar klimastreikarane og grupper som Extinction Rebellion.

Det var DailyMail og The Telegraph som først skreiv om dette.

Tek til motmæle

Musikarar, skodespelarar, komikarar, forfattarar og andre har fått mykje kritikk frå media, etter å ha støtta demonstrasjonane til Extinction Rebellion dei siste vekene.

Media kritiserer dei for å vera hyklerske, som både støttar klimademonstrasjonane, samstundes som dei i stor grad sjølv bidreg til store utslepp.

Kjendisar som Benedict Cumberbatch, Bob Geldof, Jude Law, Mel B, Natalie Imbruglia, Imogen Heep og Sienna Miller har no signert eit brev til media, der dei tek til motmæle.

Dei gjer det klart at sjølv om dei får hyklar-kritikk, vil dei halda fram med å støtte saka og heve røysta.

Her kan du sjå heile lista med dei som har signert.

Dette er heile brevet:

Kjære journlistar som har kalla oss hyklarar,

de har rett.

Me lev liv med store utslepp og industrien me er del av, har eit stort klimaavtrykk. Som de, og alle andre, er me stuck i denne fossile økonomien og utan systematisk endring, vil livsstilane våre halda fram med å føra til skade av både klima og økosystem. 

Det er likevel, ei meir presserande forteljing vår profil og våre plattformar, kan setja lys på. 

Livet på jorda er døande. Me lever i midt i den sjette masseutryddinga. For dei som framleis er i tvil om kor alvorleg situasjonen, her er eit sitat frå Det internasjonale pengefondet, frå 10. oktober 2019:

«Global oppvarming fører til store øydeleggingar for den globale økonomien, den naturlege verda og medfører risiko for katastrofale og irreversible utfall.»

Her er eit sitat frå Sir David Attenborough, 3. desember 2018:
«Nett no, står me i møte med ei menneskeskapt katastrofe, i global skala. Vår største trussel på tusenvis av år. Klimaendringar. Om me ikkje handlar no, vil ein kollaps av våre sivilisasjonar og utrydding av store delar av den naturlege verda, liggja i horisonten»

 

Klimaendringane skjer raskare og kraftigare enn først førespegla. Millionar lid, må flykte frå heimane sine, og kjem til våre grenser som flyktningar. 

I tillegg til desse folka, som allereie betalar prisen for vår fossile økonomi, er det millionar av barn, kalla til handling av Greta Thunberg, som ber oss med makt og påverknadskraft om å stå opp og kjempa for framtida deira, som allerie er øydelagt.

Me kan ikkje ignorera denne bønna. Sjølv om det å svara dei, betyr å setja oss sjølv i krosselden. 

Historiane de skriv om oss, der de kallar oss hyklarar, vil ikkje stilna oss. 

Media eksisterer for å fortelja samfunnet sanninga. Nett no har det aldri vore eit viktigare behov for dykk til å opplysa dykk om CEE (klima- og økokrisa), og til å bruka stemmene dykkar til å fortelja lesarar og sjåarar sanninga. 

Me inviterer folk med alle moglege plattformar, og profilar, til å bli med oss og bevega oss forbi frykt og bruka stemmene våre fryktlaust for å forsterka den sanne forteljinga. 

Tusenar av vanlege folk risikerer fridomen sin, med å delta i ikkje-valdeleg sivil ulydigheit. Me er inspirerte av deira mot til å snakka ut og bli med dei. Me ber dykk om å gjera det same.