Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flyskammen brer om seg, skal me tru ei ny undersøking frå Ipsos.

I undersøkinga kjem det fram at omlag 14 prosent av verdas befolkning ynskjer å reisa meir miljøvenleg, sjølv om det skulle vera dyrare eller mindre praktisk enn fly.

I undersøkinga kjem det fram at unge og folk med høgare utdanning er noko meir villige til å bruka alternativ til fly, med lågare karbonavtrykk.

Nesten halvparten villige til å velgje vekk fly

Omlag dobbelt så mange, 29 prosent, svarar at dei vil velgje bort fly dersom alternativet er like praktisk og like billig.

Til saman med dei 14 prosentane, blir det 44 prosent av alle globale brukarar som er villige til å velgje vekk fly, for å heller reisa meir miljøvenleg.

26 prosent svarar at dei ikkje veljer transport utifrå utslepp, medan 30 prosent ikkje veit heilt kva dei ville gjort.

  • Klimaaktivitst Greta Thunberg frå Sverige, kom nyleg fram til New York etter to veker i seglbåt, for å minska karbonutsleppet på reisa.

Store landforskjellar

I Kina svarar heile 38 prosent at dei ville valt lågare utslepps-transport enn fly, sjølv om det var dyrare og meir upraktisk enn fly.

I Sverige er det til samanlikning 13 prosent som har svart det same. Der er det likevel 39 prosent som svarar dei ville bytta vekk fly, dersom alternativet var like praktisk og ikkje dyrare enn fly. Det er dimed litt over halvparten av svenskane som er villige til å byte vekk fly i meir klimavennlege transportalternativ.

Dei som er mest positive til alternativ, både om det var dyrare eller likt som å fly, er Sør-Korea og India, der tilsaman 60 prosent svarar at dei er villige til å velgje vekk fly.

I India er det omlag dobbelt så mange (23 prosent) som i Sør-Korea, som ville gjort det sjølv om det var dyrare eller meir upraktisk.

Vel ikkje transport etter utslepp

Minst positive til eit flyfritt liv er nok, kanskje ikkje overraskande, Russland. Der svarar 63 prosent at dei ikkje ville vald transport etter utslepp.

22 prosent av russarane svarar dei kunne ha bytta vekk fly til fordel for meir klimavenleg transport.

Undersøkinga kjem i samband med the World Economic Forum sitt toppmøte for berekraftig utvikling, der det vil vera fokus på overgangen til ein lågutslepps-økonomi.

Undersøkinga er gjort i 27 land for The world economic Forum. Den er gjort mellom 21.juni og 5.juli 2019. 

Samferdsleminister Jon Georg Dale meiner flyskam er tåpeleg. Foto: Ingvild Eide Leirfall