– Eg har liksom alltid tenkt at eg skal ut, men at eg skal heimatt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.11.2018 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg opplever at distriktet ofte vert prata litt ned. Både politisk, at ting vert lagt ned, men òg blant vener. Så eg hadde lyst til å dokumentere at det kan vere fullt av liv, seier Signe Fuglesteg Luksengard.

28-åringen lanserer i slutten av månaden ei fotobok om heimbygda Leveld i Ål i Hallingdal.

Boka vert lansert med utstilling i heimbygda 26. oktober, før turen går til Oslo 1.november.

Les også: Den norske landsbyen

Det kan vere fullt av liv på bygda. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard, Leveld

Importert jord til byen

I hovudstaden vert hendinga markert med utstilling på pop-up galleriet Low Standards på Youngstorget.

Det er òg nye krefter som veks opp i bygda. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Når Framtida møter Luksengard har ho allereie vore heime og henta med seg ein del av jordet som skal stillast ut saman med bileta.

Fotoprosjektet starta etter at ho var ferdig utdanna ved Fotofagskolen i Trondheim. Etter fem år sat ho att med over 4000 bilete og har fått rettleiing i prosessen med å gjera det endelege utvalet.

Kva prosjektet skulle handle om var ikkje klart frå byrjinga, men litt etter litt kom det fram. For kva er det som gjer heime til heime? Og skal ho heimatt?

Undervegs har odelsjenta Luksengard oppdaga at ho ikkje er åleine om dilemmaet: Å ta over, eller ikkje ta over. Å flytte heim for å drive gard, eller bli i byen og jakta karriere.

– Eg har ei veldig god venninne som er skodespelar, til dømes. Det er litt vanskeleg når ho har fått fast jobb på Det norske teatret og er odelsjente på garden, fortel Luksengard.

Les også: Odelsjenta får ikkje garden

Mange kan nok kjenne seg att i dilemma knytt til det å ta over garden. Her er eit bilete frå Lappegard. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard, Leveld

Prosessen

Når ho pratar med folk kjem det mange liknande historier.

– Det var ein som var litt sur på storebroren sin, som hadde brukt for lang tid, så no var det for seint for han. Så eg byrjar å skjøna at det er ganske mange som må gjennom dei tankane, seier ho.

– Er det ein vanskeleg prosess for folk?

– Ja, det trur eg. Eg trur det er veldig mange som har lyst, men så er det litt vanskeleg å kanskje få med seg nokon. Ein må gje slipp på ganske mange ting. Ein kan ikkje få alle karrierar, seier Luksengard.

I oppveksten var ikkje det å ta over garden noko familien snakka noko særleg om, men dei siste åra merkar 28-åringen at det absolutt har vorte eit tema.

Som når dei fordelte hyttetomter. Kanskje den som overtek garden ikkje får hyttetomt? Då kjem spørsmåla: «Kva tenkjer du?» «Kva vil du?»

Les innlegget: Men livmora mi får du aldri!

Etter årevis med arbeid og over 4000 bilete sit Signe Fuglesteg Luksengard endeleg med fotoboka «Leveld» i hendene.

Femtegenerasjon

– Eg har liksom alltid tenkt at eg skal ut, men at eg skal heimatt. Det har alltid ligge bak. Eg har tenkt at viss eg får familie, så skal jo dei vekse opp i Leveld, seier 28-åringen.

Ho har likevel tenkt at det er lenge til, at no har ho tid til å reise og oppleve verda.

– Så plutseleg byrjar det å nærme seg litt meir. Når ein ser at vener byrjar å få ungar og slikt.

Om ho vil ta over heimgarden har Luksengard framleis ikkje bestemt seg for. Ho kjenner på ansvaret over å vere femte generasjon frå Nedre Espegard, men er ikkje klar til å leggje foto- og journalistkarriere på hylla.

Men fleire fotoprosjekt om heimbygda, vert det ikkje. Ho føler ho har gravd nok og er spent på mottakinga heime.

– Det var veldig, veldig kjekt, men òg veldig vanskeleg. Dei som bur der forventar gjerne ei anna bok enn det som kjem. Vert dei nøgd med det? Det er eit par bilete der nokon ikkje er så heldige, men som er det beste biletet.

Dette biletet har fått tittelen Samhald. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard, Leveld

Valets kval

– Det handlar jo om Leveld og den bygda der, men det handlar like mykje om kva val ein skal ta. Kva liv ein skal velje, forklarar Luksengard.

Far hennar var 18 år og gjekk på folkehøgskule då han fekk beskjed om at han måtte ta over gardsdrifta. No er eldstedottera hans 28 år, bur i kollektiv og er ikkje heilt klar for å slå seg til ro enda.

– Eg er nok den første generasjonen som har eit reelt val.

Sidan det ikkje er dyr på garden har ho litt meir tid på seg. Men det er framleis hus, jorder, skogsfelt og fiskevatn. Og i det siste har Luksengard òg fått meir innsikt i sameigemøter og andre plikter som følgjer med.

– Det er visst ein del ansvar eg ikkje visste om. Det er ikkje berre å ta over eit hus, konkluderer ho.

Men samstundes som ho ikkje må bestemme seg i år har ho heller ikkje all verda med tid.

– Bror min er to år yngre. Han er ferdig utdanna lærar og jobbar her i byen. Han vil jo gjerne snart vete om han skal ha det som eit alternativ. Viss eg seier nei, så trur eg det vert enkelt for han. Då trur eg han nesten føler at han må gjera det.

Luksengard skildrar miljøet i Leveld som levande med positive bølgjer av tilflytting. Likevel ser ho at tendensen er den same som i resten av landet og distrikts-Noreg, der fødselstala går ned og grendeskular stadig må kjempe for livet.

Les også: Uroleg for distriktsskulane i ny vestlandsregion

Med alderen har fotografen forstått kor viktig det er for distrikta at grendeskulane består. Frå Løkensgard. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard, Leveld

Møteplass, karriere og skule

Sosiale møteplassar, karrieremoglegheiter og grendeskular ser ho på som tre viktige ting som må vere tilstade for å lokka til seg unge som har flytta til byen.

For kven vil flytte til ei bygd der ein må sende ungane tre mil med buss til skulen?

– Nokon må jo flytte heim for at grendeskulane skal bestå, så ein kjenner nok på både eit ansvar og ein kjærleik til plassen. Men eg har jo skjøna at eg kan ikkje ha ansvaret for ei bygd. Ein kan ikkje bera det på sine skuldrer. Det får berre gå som det går, så får ein heller flytte tilbake fordi ein har lyst, ikkje fordi ein føler ein .

– Kva hadde du sakna om du flytte heim?

– Kanskje litt forskjellige folk. Nye impulsar. Såklart alle utstillingar, konsertar, museum, teater. Moglegheita til å gå ut og danse når ein vil, om ein vil. Men ein kan jo framleis få det med å reise på helgeturar. Det eg nok hadde sakna mest er å vere i eit fotomiljø med likesinna som pushar kvarandre. Miljøet er viktig, så ein ikkje stagnerer.

Dette biletet frå Haug er ein av favorittane til fotografen sjølv. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard, Leveld