– Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme, seier 14 år gamle Andreas Edvardsen Sundgot.

Han er ein av ni ungdomar som har reist til Oslo for å lære kva det vil seie å vere ein barnas valekspert.

Fram mot kommune- og fylkesvalet til hausten skal desse ungdomane lære om demokrati, og korleis dei kan utfordre lokalpolitikarane til å gjere politikken sin forståeleg og relevant også for barn og unge.

– Eg synest det er viktig at unge også engasjerer seg i politikk, fordi då veit dei vaksne at vi har ei stemme og vi er engasjerte. Dei kan ikkje berre unnlate å høyre på kva vi meiner, seier Cecilia Kristin Lövström (14).

Andreas Edvardsen Sundgot, Ane Loraas Hertzberg og Cecilia Kristin Lövström er valekspertar til Barnas Valg 2019. I løpet av helga i Oslo har dei mellom anna fått opplæring frå varaordførar Kamzy Gunaratnam (Ap) i korleis ein påverkar politisk og fått besøke Freia-butikken. Foto: Bente Kjøllesdal

Les også meiningsinnlegget til Elise Stokken (17), som står på liste ved lokalvalet: – For kven skal gjere noko med problemet du ser eller tale di sak, om du ikkje gjer det? 

Heile Noregs valekspertar

Barnas Valg er utvikla av Nordic Screens for Redd Barna og Press – Redd Barna Ungdom, og vart arrangert for første gong i samband med stortingsvalet i 2017.

Det vart laga eit undervisingsopplegg for skulen, og alle partia vart utfordra til å lage barnevenlege partiprogram. I tillegg arrangerte halvparten av skulane i landet val, og over 60 000 barn stemte. Korleis mandatfordelinga hadde vore om barna fekk bestemme kan du sjå her.

Dei noverande ni valekspertane kjem frå heile landet – frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør. Alle har reist til hovudstaden for å finne ut korleis dei kan få politikarane til å lytte og ta omsyn til barn og unge sine meiningar.

Hels på valeksperten nær deg. Barnas Valg leiter framleis etter ekspertar i Trøndelag, Nordland, Troms, og Hordaland – kanskje kjenner du nokon?

Ungdomane lærer korleis dei skal involvere andre ungdomar på heimstadane sine, kor viktig det er å seie frå til politikarane at «det der skjønte eg ikkje», og korleis dei kan arrangere positive debattar – for du må ikkje krangle sjølv om du er politikar.

– Eg håpar eg kan bli superinspirert, og ta den informasjonen vi har lært og bringe den vidare til dei i Molde. Dei treng ein inspirasjonsboost, seier Cecilia Kristin.

Politikk er gøy

Det at dei sjølve ikkje er gamle nok til å stemme, er ikkje ein grunn til å ikkje bry seg om kva politikarane seier og gjer.

– Vi lever i same samfunn, så det er viktig å få alle sine perspektiv, seier Ane Loraas Hertzberg (13).

Er det ein ting valekspertane er samde om, så er det at politikk er langt frå kjedeleg.

– Eg håpar eg har lært korleis eg kan inspirere andre til å vere meir engasjerte i politikk, og til å sjå på politikk som noko gøy, og ikkje noko kjedeleg og kranglete. Noko som alle burde vere med i! seier Ane.

Barnas Valg i 2017 laga også Barnas valgshow saman med Stian Barsnes Simonsen som programleiar: 

Les også bidraget til skrivekonkurransen om klima: Kvifor bryr ikkje foreldra våre seg om framtida vår?