Likestillingspris til Norges Handikapforbunds Ungdom

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hans-Erik Skjæggerud er første nestleiar i YS, og har vore leiar i juryen som deler ut YS sin likestillingspris i 2019. Foto: YSNorge

– NHFU har betydd og betyr mykje i dagens likestillingsarbeid. Organisasjonen er synleg på mange arenaar i samfunnet og brukar eit vidt spekter av verkemiddel for å påverke haldningar og fordommar, seier Hans-Erik Skjæggerud i ei pressemelding.

NHFU: – Føler ofte vi vert gløymde

Leiar i NHFU Tamarin Varner seier til NTB at ungdom med funksjonsnedsetjing er ei minoritetsgruppe som ofte føler dei vert gløymde i samfunnsdebatten.

– Funksjonshemma er i dag ei av dei mest diskriminerte gruppene, seier Tamarin Varner, som er ny leiar i Noregs Handikapforbunds Ungdom (NHFU). Foto: Privat

– Folk veit ikkje at det er ein kamp som må kjempast, og antek at dei i det gode Noreg har det godt, og så har dei eigentleg ikkje det når ein ser nærare på det, seier Varner til NTB.

Ho påpeikar at historiene til ungdom med funksjonsnedsetjing ikkje er synlege i nyheitene, verken dei positive eller dei negative.

Samstundes brukar dei mykje av tida si på å verte forståtte og sette, noko som går utover mogelegheita for å ha eit vanleg ungdomsliv, seier Varner.

– Det er ein kamp i seg sjølv for ungdom å verte forstått, og når ein ikkje vert det, då vert ein lei seg, og tenkjer: Kvifor er det ingen som kjempar for meg og forstår kvifor eg sit i rullestol eller har ei anna form for funksjonshemming, seier Varner til NTB.

Kunnskapsbasert og verdiorientert aktivisme

YS-juryen trekker fram arbeidet for å synleggjere system og strukturar som diskriminerer som ein av grunnane til at NHFU får årets likestillingspris.

Samstundes understrekar han at likestilling for personar med nedsett funksjonsevne føreset tilgjenge og tilrettelegging, og at mangel på det er systematisk diskriminering.

– Det handlar ikkje om individuelle feil og manglar ved folk, avsluttar Skjæggerud.

Prosjektleiar i Unge funksjonshemmede, Anette Remme, er èin av tre nominerte til Skamløsprisen 2019.