– Kvifor skal samfunnet behandla oss annleis enn alle andre?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.07.2019 12:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det nyttar ikkje for andre å sitte og diskutere ei sak som handlar om hjelpemiddel eller BPA (brukarstyrt personleg assistanse red. anm.) når ein ikkje har kjent det på kroppen sjølv, skriv Tamarin Varner i ein e-post til Framtida.no.

28-åringen frå Sotra utfor Bergen vart i helga valt til ny leiar i Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU).

Ho er opptatt av å løfte fram unge stemmer som sjølv kan forklara korleis det kjennest på kroppen når ein blir snakka til som eit barn, trass i at ein er 14 år og oppteken av skule, utdanning og framtid.

Les også: – Personar med nedsett funksjonsevne er den mest diskriminerte gruppa i samfunnet

Omsorgsbustad som 18-åring

Kvifor er det bruk for Noregs Handikapforbunds Ungdom?

– I dagens politiske klima treng vi ein organisasjon som er tydeleg og klar til å seie ifrå når politikarane fattar vedtak som går på tvers av funksjonshemma sine interesser. Mykje av dette handlar om haldningar, og desse tek tid å endra. Kva anna diskriminert gruppe opplever å bli utestengt frå 80 prosent av landets grunnskular? Eller at det er forventa at ein flyttar i omsorgsbustad når ein blir over 18 år?

I tida framover vil den nye leiaren halda fram med den gode lobbyverksemda og syte for at NHFU blir teke på alvor av politikarane.

– Diverre er det ikkje slik at vi blir etterspurt i og med at vi er ei gruppe som er underrepresentert, då er det ekstra viktig at vi er der det skjer og at vi slepp til med å tale vår eiga sak.

Les også: Alexander (24) får ikkje reisa på landsmøte

Utdanning og BPA

Kva er dei viktigaste sakene dykkar anno 2018?

– Den viktigaste saka vår no er nok BPA, fordi mange slit med å få nok timar med assistanse til å kunne delta i samfunnet. Dei får rett og slett ikkje moglegheit til å delta i samfunnsdebatten, ta utdanning, vere med venner – rett og slett leve eit fullverdig og likestilt liv.

Ikkje overraskande var difor BPA ei av dei viktigaste sakene på landsmøtet. Arbeid og utdanning er andre prioriterte område.

Ifølgje 28-åringen handlar det om å gjere det tydeleg ovanfor politikarane at funksjonshemma må få sleppe til.

– Vi ønsker, vi kan og vi vil jobbe. Samstundes sender desse vedtaka signal om at vi er som alle andre, og at det er haldningane samfunnet har til funksjonshemma det er noko gale med. Kvifor skal samfunnet behandla oss annleis enn alle andre?

Utdanning er ei av hjartesakene til den nye NHFU-leiaren. Ho peikar på samanhengen mellom mangel på BPA-timar til å fullføre utdanning og at det i dag står mellom 80 000 og 90 000 funksjonshemma utanfor arbeidslivet, som eigentlig kunne vært i jobb.

– BPA er eit likestillingsverktøy samstundes som det å fullføra utdanninga si er ein menneskerett, slår ho fast.

Les også: Politiet overser hatkriminalitet

Frå hatprat til VI-samfunn

Varner håpar NHFU vil merka at dei får ein leiar som er engasjert og motivert til å jobba med å gjere hjartesakene tydelege og vil freista å lytta til heile organisasjonen – frå sentralstyret til lokallag.

– Eg brenn òg for temaet hatprat. Eg har sjølv vore så uheldig og fått kjenna på kroppen korleis det er å vere uønskt, og det er ikkje ein verdig følelse.

Kva er idealsamfunnet?

– Vi i NHFU kjempar for eit inkluderande samfunn som ikkje diskriminerer. NHFU er ein mangfaldig organisasjon som speglar fleire hundre ulike medlemmar sin etnisitet, seksualitet og identitet. Det handlar om å få med alle grupper og skape eit VI-samfunn. Vi skal òg jobbe med å skape ein arena der ungdommar kan komme til oss å føla seg heime og trygge.

Les også: Skeive funksjonshemma med eigen flåte i Pride-paraden

Tamarin varner

  • Frå: Sotra utanfor Bergen
  • Alder: 28 år
  • Favorittfag på skulen: Norsk, fordi eg likar å skriva
  • Ulike verv: Leiar i NHFU og leiar i NHFU Oslo
  • Medlem i: Er ikkje i medlem i nokon andre organisasjonar
  • Kva gjer du på fritida/hobby: Eg likar å bruka kreativiteten min på å skrive om viktige saker på bloggen min. Eg brukar òg mykje tid på å engasjere ungdom i NHFU. Når eg ikkje gjer dette er eg glad i å slappe av med ei god bok eller å vere sosial med venner.