Professor seier opp i protest etter omvendingsmøte: – Nokon måtte setje foten ned

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar ved NLA Høgskulen fekk sjokk då dei kom på skulen tysdag. Der vart dei møtte med plakatar som reklamerte for eit seminar som skulle haldast av dei to kristne nettverka Frimodig Kirke Bjørgvin og Til Helhet. 

Tema for seminara var korleis ein kan «hjelpe dei som ønskjer å forlate homoseksuell praksis og kjensler»

Sterke reaksjonar

Det har ført til sterke reaksjonar:

– Eg valte å seie opp. Det måtte drastiske forhold til, seier professor Tone Sævi til Khrono onsdag kveld.

Sævi er både pedagogikkprofessor og tilsettrepresentant ved NLA Høgskulen. Ho har sagt opp jobben som følgje av at NLA legg til rette for eit slikt seminar.

Til Bergens tidende seier ho at ho ikkje kunne levd med seg sjølv om ho lot vere å stå opp mot dette.

Det var Bergens Tidende som først omtalte saka.

– Eit omdømme-problem

Tone Sævi fortel Khrono at oppseiinga ikkje var planlagt, og har ingen annan jobb i ermet, men grensa var nådd:

– NLA Høgskulen har eit omdømme-problem når dei blir identifisert med ein ekstrem, høgrevridd måte å forstå tru og religion på. Mange, inkludert meg, er ikke komfortabel med det. Nokon måtte sette foten ned, seier Tone Sævi til Khrono.

Tone Sævi. Foto: Privat

Til Bergens Tidende  seier ho at det rimar dårleg å undervise i menneskerettar på dagtid, og behandle homofili som ein sjukdom på kveldstid.

Sævi poengterer vidare at ho ikkje er motstandar av kontroversielle debattar, men at det er ei tydeleg ideologisk skeivheit frå leiinga hjå NLA.

Rektor ved NLA, Erik Waaler, presiserer i same avis at høgskulen er ueinige i profilen seminaret fekk, med fokus på reorientering av homofile.

– Bør ta skikkeleg oppvask kva statleg støtte angår

Det er ikkje berre Sævi som tek til motmæle. Då seminaret var avhalde tysdag, møtte studentar, studentparlamentet hjå NLA og Raud Ungdom opp for å demonstrere.

I eit meiningsinnlegg publisert hjå Khrono, tek også studentane ved høgskulen sterk avstand frå avgjersla til leiinga:

– Viss akademia skal tilby eksterne aktørar ein plattform for kva som helst, utan vidare – bør vi ta ein skikkeleg oppvaks kva statleg støtte angår, skriv studentleiarane.

Raud ungdom demonstrerer under seminaret. Foto: Raud ungdom

Studentleiarane meiner forsvaret til kommunikasjonsleiar hjå NLA, Solfrid Ebbestad, ikkje er godt nok.

Ho sa til TV 2 sa at den opne dialogen høyrer til i den akademiske kulturen.

– Dette vert eit problem når kulturen held skeive nede og får menneske til å føle seg mindre verd fordi dei elskar nokon av same kjønn eller identifiserer seg som noko anna enn sitt biologiske kjønn, står det i meiningsinnlegget til studentleiarane.

Studentleiarane etterlyser no tydelege retningslinjer for eksterne aktørar, og oppmodar NLA Høgskulen til å arrangere eit eige seminar om seksualitet, kjønn eller identitet saman med organisasjonar som Fri eller Amnesty International Norge.

Som prest er ei av oppgåvene til Hanne Marie Iaursulëiel Frostlid å stå for dåpen. Foto: Magne Turøy