Får regnbogefarga kapteinsbind: – Vår måte å markere at det er rom for mangfald i fotballen

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regnbogefarga kapteinsbind: – Eit viktig signal

I den komande fotballsesongen kjem Dale IL frå Sogn og Fjordane til å spele med regnbogefarga kapteinsbind.

– Det er vår måte å markere at det er rom for mangfaldet i fotballen, seier leiar i sportsleg utval i klubben Arve Helle.

Helle er også grunnen til fargerike Dale-kapteinar den komande sesongen. Sjølv seier han til Framtida.no at det eigentleg er litt tilfeldig at klubben vil syne at fotballen er inkluderande på denne måten. Medan han scrolla på nettbutikken til Fotballforbundet snubla han nemleg over kapteinsbinda, og då var det gjort.

Les også reportasjen: Jay (23) føler seg utrygg i heimlandet

Ein arena for alle

Sidan fotballklubben annonserte avgjersla på Facebook har reaksjonane vore utelukkande positive. Dei to seniorlagskapteinane gler seg over å bruke bindet den komande sesongen.

– Fotball er ein arena for alle, og vi må ha litt fokus på det at det skal vere greitt å delta uansett legning, seier damelagskaptein Ingvil Solås.

Det er også kapteinen for A-laget for herrar, Vegard Eikevik Dyrstad, samd i:

– Det er viktig at vi kan byrje i grasrota og breiddefotballen i slike lokalmiljø som vi er. Bygdefotballen rundt omkring kan vise at vi ikkje bryr oss om ein er homofil eller ikkje, seier 26-åringen.

Openheit er nøkkelen

– Det vil få ein effekt. Den kjem truleg ikkje over natta, men det vil verte lettare å vere skeiv i idretten, seier seniorrådgjevar i Norges idrettsforbund, Håvard Øvregård, på telefon til Framtida.no.

Han rosar Dale IL for å senda eit viktig signal og meiner at problemet i idretten er at det ikkje har vore openheit kring temaet.

– Det fører til usikkerheit om det vil vere like lett å lukkast som utøvar om ein er open om si seksuelle orientering. Utøvarar med ambisjonar om å spele i utlandet kan vere utrygge på kor greitt det vil vere der, og det er diverre mange land der dette er mindre akseptert enn i Noreg, seier Øvregård.

Samstundes er det ikkje alle som er like trygge på at dei har lov til å ta plass sjølv på norske fotballbanar. Idrettsforbundet har arbeidd med temaet i mange år, og har konkludert med at særleg to ting er viktige for å betre vilkåra for LHBT i fotballen.

– På den eine sida må vi reagere på negative kommentarar: Vi lyt slå ned på all hets som går på seksuell orienterting. Homohets på bana skal gje raudt kort. På den andre sida – og det er det Dale gjer på ein god måte – så lyt vi ta opp temaet slik at homoseksualitet ikkje er eit tabu, seier seniorrådgjevaren.

– Det skal vere idrettglede for alle, seier Håvard B. Øvregård som jobbar med mangfald og inkludering i Noregs idrettsforbund. Foto: Norges idrettsforbund

Les også: Éin av fire LHBT-personar har vore utsett for hatytringar siste året

Dei gode haldningane vert skjult

Øvregård fortel at Idrettsforbundet, til dømes med prosjektet Med idretten mot homohets, freistar å gjere sitt for å bryte tausheita.

Samstundes plar han sjølv utfordre trenarar til å tenke over kva scenario spelarar ser føre seg om dei vurderer å stå fram. Dersom ein ikkje snakkar om temaet i idretten er det lett for unge jentar og gutar å sjå føre seg verst tenkeleg utfall.

Difor held dei også stilt, til trass for at haldningane til fotballspelarar er like positive som elles i samfunnet, fortel Øvregård. Dei gode haldningane er berre meir skjulte.

– Om eg var ein 13-åring i Dale som hadde funne ut at eg var homofil, så hadde ikkje kapteinsbindet nødvendigvis gjort at eg fortalte om det, men det hadde vore eit mykje mindre verstefallsscenario, seier han.

Les også reportasjen «Skeiv på Sørlandet»: I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager.

Inkludering frå første par fotballsko

Dale IL har no også bestemt at det ikkje berre er kapteinar på seniornivå som skal ha regnbogen på armen. Dei har kjøpt inn fargerike kapteinsbind også til dei aldersbestemte laga ned til 10 år.

Arve Helle i Dale IL ser ikkje vekk frå at regnbogebinda kan kome til å bli med inn i fleire sesongar.

Helle deler oppfatninga til Øvregård og meiner tausheita rundt temaet fører til at mange trur at den misforståtte machokulturen frå gamalt av framleis skal regjere.

Han fortel at han kjenner til tidlegare spelarar som har kome ut av skapet etter at dei la fotballskoa på hylla, som forklarar at då dei var aktive var det utenkeleg å fortelje om legninga si. I ettertid har dei likevel oppdaga at haldningane er langt betre enn frykta.

– Om nokon stod fram i vårt miljø no, vil det gå heilt fint! seier Helle.

– Eg trur at dess tidlegare du får inn dei rette haldningane, dess betre er det, seier Arve Helle frå Dale IL. Foto: Arbeiderpartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0)