Ny studie: Cannabisbrukarar har femdobla risiko for å få medisinar mot psykose

Ein ny, norsk studie viser at unge vaksne som brukte cannabis hadde meir enn fem gongar så stor risiko for å få medisinar mot psykose, samanlikna med dei som ikkje brukte cannabis.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny studie har norske forskarar sjekka data frå Ung i Norge-studien, opp mot data frå Reseptregisteret.

Resultata viser at cannabis-bruk, hasj eller marihuana, er knytt saman med større risiko for å få utskrive medisinar mot psykose.

Det melder Forskning.no.

Kva kom først?

Eline Borger Rognli. Bilde: Øystein Horgmo/UiO

Eline Rognli er hovudforskar bak den nye studien, og psykologspesialist og forskar ved Oslo Universitetssykehus.

– Denne studien peiker i retning av at cannabisbruk aukar risikoen for psykisk sjukdom – eller iallfall risikoen for å få medisinar mot psykisk sjukdom, seier ho til Forskning.no.

Ho legg likevel vekt på at dei ikkje kan bevisa at dei psykiske lidingane ikkje var til stades før cannabisbruken, sjølv om dei har forsøkt å kontrollera for det i studien.

Meir enn fem gonger så stor risiko

Studien viser at dei som har brukt cannabis har meir enn fem gonger så stor risiko for å seinare få utskrive medisinar mot psykisk sjukdom, samanlikna med dei som ikkje har brukt cannabis.

Forskarane fann også ut at risikoen for å stemningsstabiliserande medisinar var fem gongar så stor dersom ein tidlegare hadde brukt cannabis.

Stemningsstabiliserande medisinar vert ofte brukt om ein har bipolar liding.

Dei som hadde brukt cannabis hadde også dobbelt så stor risiko for å få antidepressiva, samanlikna med dei som ikkje hadde brukt det.

Dei hadde likevel ikkje større sannsyn for å få medisinar som vanlegvis vert brukte mot angst.

– Går bra med dei fleste, men…

Fleire andre studiar har kome fram til det same, noko som kan tyda på at det er større sannsyn for psykiske lidingar etter mykje cannabisbruk.

Likevel vil Rognli verken overdriva eller underdriva risikoen.

– Det er fort gjort å falle i éin av to grøfter – anten å overdriva kor farleg bruken er, eller å bagatellisera bruken. Det går bra med dei fleste, men me må erkjenna at det er risiko knytt til cannabisbruk, seier Rognli til Forskning.no.

Ho fortel at ungdom som har andre risikofaktorar, til dømes eit genetisk anlegg for psykisk sjukdom, bør vera på vakt.

Les også: Canada legaliserer cannabis for 19-åringar

Canadiske cannabisentusiastar har kjempa offentleg for legalisering. Biletet frå Vancouver 2013 er av den årlege globale marihuanamarsjen. Foto: Cannabis Culture, Flickr CC BY 2.0