Canada legaliserer cannabis for 19-åringar
I tre provinsar kan du kjøpe cannabis som 18-åring, medan dei fleste canadarar må vente til dei er 19 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå òg med i dag kan alle myndige canadarar kjøpe og bruke cannabis – utan resept. Canada vert dermed det andre landet i verda som fullt ut legaliserer cannabis – etter den søramerikanske staten Uruguay.
20. juni i år stemte senatet i Canada for Cannabislova (Bill C-45), som går inn for å legalisera og regulera cannabis for rekreasjonsbruk.
Legalisering av cannabis var eitt av valkampløfta til statsminister Justin Trudeau då han vart valt i 2015.
Les også: Cannabisbruken blant unge i Oslo til vêrs: – Nå må vi legalisere og regulere salet
18- eller 19-åringar
I dei fleste av Canadas 13 provinsar og territorium er myndigheitsalderen 19 år. Det betyr at 18-åringar ikkje har lov å drikka alkohol, røyka tobakk eller bruka cannabis. Unnataket er statane Alberta, Manitoba og Québec der 18-åringar er myndige.
Cannabislova betyr at:
- Myndige canadarar har lov å eige og bere med seg opp til 30 gram lovleg produsert tørka cannabis, eller andre cannabisprodukt som tilsvarar denne mengda
- Produkta må vere kjøpt av ein statleg eller statleg godkjent forhandlar
- I dei fleste statar har kvart hushald lov å ha opptil fire cannabisplantar
- Ein har lov å dele opptil 30 gram cannabis med andre vaksne
Køyring i ruspåvirka tilstand er sjølvsagt ulovleg. I tillegg er det ulovleg å eiga, produsera eller distribuera meir enn dei lovlege grensene, særleg til mindreårige. Brot på lova kan straffast med inntil 14 års fengsel.
Myndigheitene har framleis ikkje funne ut korleis dei skal regulera salet av ulike matvarer som inneheld cannabis, som til dømes cookies, godteri eller smør. Det betyr at slike produkt framleis er ulovlege til lovverket skal vera på plass til neste år.
Det er heller ikkje lov å reklamera for cannabis i Canada.
Les også: Reagerer på cannabis i Netflix-kokkeshow
Satsar på folkeopplysning
For myndigheitene i landet er det viktig å halde cannabis borte frå born og unge og få bukt med den kriminelle verksemda.
– Vår folkehelsetilnærming vil kunna verna ungdommane våre betre, erstatta det illegale markedet og sikra vaksne ei lovleg kjelde til kvalitetskontrollert cannabis, sa Canadas helseminister Ginette Petitpas Taylor ifølgje ei pressemelding då lova vart vedteken.
Ho understrekar at folkeopplysning vil vere ein av grunnsteinane i myndigheitene sin innsats for å gje canadarane fakta om cannabis og moglegheit til å gjere informerte val.
Myndigheitene har mellom anna eigne nettsider som informerer om cannabis i Canada.
Opprinneleg var planen at legaliseringa skulle tre i kraft allereie 1. juli – på Canadas nasjonaldag, men for å gje lokale myndigheiter tid til å førebu seg på endringane er det først i dag canadarar flest lovleg kan kjøpa cannabis.
Les også: Cannabis meir skadeleg for tenåringshjernen enn alkohol