Fleire metoo-saker i Forsvaret

Fleire soldatar og offiserar blir refsa for seksuelle krenkingar og trakassering. Men det er framleis mørketal, ifølgje Generaladvokaten.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2018 vart det ifølgje Generaladvokatens årsrapport reist disiplinærsak og pålagt refsing til ni soldatar og offiserar for «seksuelle handlingar utan samtykke», skriv Aftenposten.

Det er fleire saker enn dei tre tidlegare åra til saman. I tillegg registrerte Militærpolitiet 14 seksuallovbrot i fjor som vart sende over til politiet.

– Mykje som tyder på at det er fleire saker

Orlogskaptein Per-Thomas Bøe, som er talsperson for Forsvaret. Foto: regjeringen

– Talet er for høgt i den forstand at det ikkje burde vere slike saker. Men talet er lågt i den forstand at det er mykje som tyder på at det er fleire saker enn dei som ­kjem til uttrykk i rapporten min, seier generaladvokat Sigrid Redse Johansen til Aftenposten.

– Forsvaret har nulltoleranse mot mobbing og seksuell trakassering, uansett alvorsgrad. Vi ser derfor svært alvorleg på dette, seier orlogskaptein Per-Thomas Bøe, som er talsperson for Forsvaret.

I fjor var det 7.346 soldatar som avtente førstegongstenesta. Av dei var 28,5 prosent kvinner.

Illustrasjonsfoto: Rawpixel, Unsplash.com

Illustrasjonsfoto: Rawpixel, Unsplash.com