To av tre menn fryktar falske skuldingar etter metoo

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 20.10.2018 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei meiningsmåling utført av Sentio for Klassekampen i perioden 4. til 9. oktober. Der vart 1.005 personar spurde «Kor bekymra er du for at menn feilaktig blir skulda for seksuell trakassering etter metoo?»

Generelt viser undersøkinga at eit fleirtal, 57 prosent, av befolkning seier at dei er litt eller veldig bekymra for at menn feilaktig blir skulda, mens 37 prosent ikkje er så bekymra eller ikkje bekymra i det heile tatt.

Les også: Tarana Burke: Kvinna bak #metoo-rørsla

Er det greit med klem?

Sjefredaktør Christian S. Andersen i Fremover stakk hovudet fram i januar og skreiv at han frykta at metoo-kampanjen skulle få uskuldige offer. Han er ikkje overraska over undersøkinga.

– Eg var nyleg på eit leiarkurs der menn fortalde at dei alltid spør før dei gir medarbeidarar ein klem, og at dei unngår å bli åleine med kvinnelege kollegaer. Då slo det meg at det har skapt ein frykt hos menn, som gjer at ein blir meir bevisst, men som også kan ha ført til ein usunn varsemd, seier han om metoo no.

Les også: Jon Olav Sandal svarar på Vassendgutane si MeToo-låt

Samfunnsgeograf Anja Sletteland påpeikar at det er større grunn til å frykte at trakasseringssaker ikkje blir varsla om, enn falske skuldingar. Ei Fafo-undersøking frå 2016 viste at svært få varsla om seksuell trakassering dei hadde opplevd eller vore vitne til i arbeidslivet.

Er du bekymra for feilaktige skuldingar etter #metoo? Svar på spørsmålet under!

Kor bekymra er du for at menn feilaktig blir skulda for seksuell trakassering etter metoo?

Kor bekymra er du for at menn feilaktig blir skulda for seksuell trakassering etter metoo?

Veldig bekymra26
Litt bekymra17
Lite bekymra7
Ikkje bekymra14
Svar totalt: 64