Kvinner blir mobba ut av Forsvaret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mobba ut av Forsvaret

Vernepliktsundersøkinga frå 2010 viser at 20 prosent av alle kvinner i førstegongsteneste har opplevd seksuell trakassering. Medarbeidarundersøkingane viser at tre gonger så mange kvinner i Forsvaret opplever uønskt seksuell merksemd som i arbeidslivet elles. Unge kvinner i førstegongsteneste er mest utsett, ifølgje ein rapport frå Sintef i 2012, skriv Klassekampen.

Frank Brundtland Steder ved FFI som leier kartlegginga og forskinga som følgjer årskulla frå sesjon og fleire år fram i tid, meiner Forsvaret har mange utfordringar for å halde på kvinnene som blir rekruttert. Han er usikker på om dei kjønnsrelaterte problema vil endre seg som følgje av kjønnsnøytral verneplikt.

– Dette er meir ei velmeint politisk satsing enn eit vedtak basert på konsekvensanalyse og forsking, seier han. Mobbinga går ofte ut på at folk blir støytt ut av fellesskapet.

 LES OGSÅ: Heng etter med kvinner i forsvaret

– Det finst ikkje éin lik historie, men ein fellesnemnar er at mange kjenner at dei blir «utstøytt frå fellesskapet» som følgje av forhold relatert til kjønn, seier Steder. Han fryktar at resultatet av kjønnsnøytral verneplikt kan bli mindre motiverte årskull.

– I dag vel ein stort sett ut dei mest motiverte til teneste i Forsvaret. Når målet er å få auka kvinnedelen ved å innføre kjønnsnøytral verneplikt, kan dette føre til at ein tek inn fleire umotiverte jenter og gutar. I yttarste konsekvens vil dette svekkje kvaliteten på soldatane frå årskullet, seier han.

Om to veker skal Stortinget vedta kjønnsnøytral verneplikt her i landet.

LES OGSÅ: Kan bli verneplikt for kvinner i 2015