Då eg var 20: Øystein Bache var FN-soldat og fekk sitt første møte med krig

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

Då er vi tilbake i 1980, så det skal litt meir enn godt minne til for å plassere det året. Heldigvis fann eg eit bilete heime som bekrefta at heile det året vart brukt i militæret. Ikkje særleg spennande med andre ord, men likevel gjevande for ein 20-åring som tvilte litt på den vidare vegen i livet.

Korleis var kvardagen?

Eg var som sagt i militæret. I Feltartilleriet på Setermoen som ligg i indre Troms. Det høyrest kanskje kjedeleg ut for ein bygut frå Oslo, men det var ei fantastisk naturoppleving for meg. Eg brukte mykje av fritida i skog og mark i sommarhalvåret, og sidan dei fleste øvingane vart haldne om vinteren for å spare naturen fekk eg mange overnattingar ute i telt då også.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Eg hugsar Alexander Kielland-ulukka. Den gjorde eit veldig inntrykk på meg. Sidan eg var i militæret hadde det ei viss interesse at krigen mellom Iran og Irak starta det året.

At John Lennon vart skoten og Pizza Grandiosa vart lansert har ikkje sett så djupe spor.

Les reportasjen om Kielland-ulukka: – Ingen har tatt ansvar for ulukka. Ansvaret blei aldri plassert. Det er bittert for dei overlevande å bli overkøyrde og å ikkje få svar.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Musikalsk gjekk det i alt frå Supertramp til Mike Oldfield, og litterært var det eit noko snevert utval i utlånshylla på brakka på Setermoen. Men eg hugsar godt at eg låg med lommelykt og leste Shogun av James Clavell. Det var den første romanen eg las på engelsk, men dei 7-800 sidene gjekk overraskande fort unna.

https://www.youtube.com/watch?v=J_NGulTmh88

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, den er sletta frå minnet, noko som tyder på at den antakeleg vart feira i ei beltevogn på skyteøving ein stad i indre Troms. Myndigheitsalderen vart senka frå 20 til 18 år i 1979, så det var ikkje noko stor markering av det heller.

Les også om Bjørn Hatterud som hugsar nøyaktig kva han gjorde på 20-årsdagen sin: Stod fram som homo før han dansa resten av kvelden.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg verva meg til FN-teneste i Libanon og kom ned dit like før jul. Ganske snart vart vi kontakta av libanesiske flyktningar som hadde vorte skada i eit bombeangrep i Beirut. Det var kvinner og barn med store brannskadar og dei trong augeblikkeleg legehjelp.

Det var mitt første møte med krigens realitetar og ein kraftig vekkar for ein eventyrlysten 20-åring frå trygge Noreg.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Det var nok meininga at eg skulle inn i eit familieselskap, og min vidaregåande skulegang med «hovudvekt på økonomiske fag» var tilrettelagt for deg. Eg vart likevel meir lysten på å jobbe med radio og fjernsyn, så vidare utdanning etter militæret gjekk i retning av det. Men at eg skulle ende opp her eg sit i dag hadde eg nok ikkje sett føre meg. Det gjer eg for så vidt framleis ikkje.

Som 20-åring fekk byguten frå Oslo oppleve kontrastar – både å sove i telt i Nord-Noreg og krigskvardag i Libanon. Foto: Privat

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var ukueleg optimist og var sikker på at alt ordna seg til sist. Eg var bekymringslaus med tanke på eiga framtid, men tida i Libanon lærte meg mykje om håpløysa og vakuumet som oppstår i større internasjonale konfliktar. Fleire millionar menneske har vore rørte og lir framleis.

No, 40 år etter eg var der og trudde eg var med og gjorde ein jobb for verdsfreden, har det framleis ikkje skjedd nokon verdas ting. Konflikta er like fastlåst og menneske lir unødig. Det gjer meg ganske motlaus.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Artig kar, håpar nokon tek han inn i varmen og gjev han ein jobb.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Start sparing i BSU og tenk alderspensjon allereie no. Og lær deg eit instrument. Ja, eg veit du synest det er kjedeleg å øve, men du vil ha stor glede av det om 40 år, og dei åra går så utruleg fort, skjønar du.