Då eg var 20: Kari Stai song under opningsseremonien til OL på Lillehammer

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Livet handla om kunst, musikk, vener og kjærleik. Og oliven! Eg vart kjent med livsnytaren i meg, skriv Kari Stai i ein e-post til Framtida.no.

45-åringen frå Inderøy i Trøndelag er kvinna bak Samlaget-suksessen Jakob og Neikob. Barnebokserien har vorte særleg hylla for sitt visuelle uttrykk og denne hausten fekk ho Nynorsk barnebokpris for dei to kontrastfylte venene.

Song for Arafat, Peres og Rabin

Frå Stai var 19-22 år gjekk den prisløna forfattaren og illustratøren på det som da heitte Oslo Tegne- og Maleskole. Draumen var å kome inn på Kunst- og Handverkskolen (no Kunsthøgskolen i Oslo) etterpå, men slik gjekk det ikkje før ein del år seinare.

I 1994 var ho nemleg 20 år og fekk vera med på ei historisk hending:

– Eg song i Oslo Filharmoniske Orkesters kor, og fekk vere med på opningsseremonien til OL på Lillehammer! Vi song Kongesongen og Venit Rex av Arne Norheim i bunad og 16 minusgrader!

– Vi song også i Oslo Spektrum da Arafat, Peres og Rabin fekk Nobels Fredspris, Harry Belafonte song og flørta med damene som var litt eldre i koret. Og: eg traff han som vart min framtidige ektemann, på kunstskolen, eg sjekka han opp der han gjekk i blå vaskehanskar på teiknesalane på skolen – det var nemleg ei slik ordning, at studentar kunne vaske på skolen for å få dekt skolepengane.

Mange hugsar Vettene som dansa under opningsseremonien under vinter-OL på Lillehammer. Ei 20 år gamal Kari Stai og Oslo Filharmoniske Orkesters kor var òg med på seremonien. FOTO: JAN GREVE / NTB scanpix

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg gjekk fullstendig inn i kunsten og teikninga, og hadde fantastiske lærarar og medstudentar. Dette var ein rein praktisk kunstskole, der vi teikna croquis frå 9-10 kvar morgon. Var vi ikkje på plass da, så stengde dei døra. Resten av skoledagane hadde vi djuptpløyande opplæring i 2- og 3-dimensjonale teknikkar.

I helgene var vi mange frå skolen som pakka flymat på Fornebu.

Som 20-åring teikna illustratør Kari Stai raske croquis-skisser ein time dagleg. Foto: Kari Stai

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg hugsar eg høyrde mykje på The Cure, Morphine, Jan Eggum, Anne Grete Preus, klassisk og jazz, eg budde i kollektiv med to venner frå musikklinja på Inderøy vidaregåande. Det var mykje jazzklubb og kor-song.

Elles elska eg å gå på Cinemateket, der eg fekk filmopplevingar for livet: Alt av Chaplin. David Lynch. «Utkantfolket» (Nederland), «Night on earth», «Veronikas to liv» o.fl.

Eg likte også å vere på Astrup Fearnely-museet og oppleve dimensjonane i kunsten til Anselm Kiefer, og dessutan dei fantastiske teikningane hans. «Alle» var vi jo fan av Kim Hiorthøy, han inspirerte kunstmiljøet med sin frie teiknestil.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Den hugsar eg ikkje så godt, men den var nok heime på Inderøy i sommarferien, med mammas fabelaktige blautkake!

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det må vere den gode kjensla av å ha kome på rett hylle, at eg byrja utvikle meg på den arenaen eg hadde drøymt om, og at eg fekk kunstlærarar som opna ei heilt ny verd! Eg hugsar kor kraftfullt det var å bli introdusert for kunstnarar som Lena Cronqvist, Helene Schjerfbeck, Käthe Kollwitz, Anselm Kiefer og Francis Bacon.

For ei som kjem frå bygda, var jo også Oslo stort og fengslande! Eg hugsar eg fekk heilt dilla på oliven (som eg et på fotografiet).

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ja, i allfall omtrent. Eg ville bruke teikninga til noko. Det visste eg frå eg var lita jente. Noko skapande. Om det vart teikning som kunst eller teikning som illustrasjon visste eg ikkje enno.

Kari Stai fullførte lærarutdanning på Notodden og var lærar på Heddal Ungdomsskole i eitt år, før ho som 26-åring endeleg kom inn på den skolen ho alltid hadde drøymt om å gå på: Kunsthøgskolen i Oslo. Foto: Privat

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Ja, eg hugsar eg var veldig bekymra for korleis det skulle gå! Eg visste at eg hadde vald ein usikker retning med omsyn til yrkesliv. Eg var derimot heilt sikker på at eg valde rett med omsyn til kva eg ville inni meg! Men eg hadde fingeren i jorda, og var ikkje av den naive og draumande kunstnartypen. Eg hugsar eg var svært klar over at det ville bli hardt arbeid, og at det ikkje nødvendigvis ville gå likevel. Det ville jo handle om å treffe noko, i ein jungel av uttrykk. Og eg var smerteleg klar over at tida ville gå altfor fort.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

No ville eg nok tenkt, at ho var i overkant bekymra, generelt. At ho brukte kreftene sine uøkonomisk. Tida gjekk ikkje så fort som ho hadde frykta, faktisk!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Eg ville gitt meg råd om å bygge meg sjølv opp på alle måtar, og ikkje stresse.

Eg ville sagt: Bruk meir tid på alt du liker å gjere – jobb meir, gå på fleire konsertar, reis på fleire turar, få med deg dei store galleria, oppsøk det som verkeleg inspirerer deg! Nyt livet med hunger og godt samvit, og by også meir på deg sjølv! Engasjer deg meir i andre, streik for klima, inviter naboen på kaffi, og flytt fokus noko bort frå deg sjølv – livet treng ikkje vere så alvorleg!

Les også om då Carl Frode Tiller var 20 år og fekk ein pistol mot hovudet i Brasil:

Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat