Politikk og samfunn

«Det handlar om samtykke, respekt og grensene me set digitalt»

Internett er ikkje eit familiealbum. Det er eit ope rom, der me ikkje alltid veit kven som ser på, eller korleis bileta kan bli brukt, skriv småbarnsmor Victoria Elisabeth Andal (25).

Victoria Elisabeth Andal (25)
Mamma
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Snart er det påske. Mange pakkar bilen og set kursen mot fjellet, hytta eller Syden.

Det er ei tid for å kopla av, vera saman med dei me er glade i, og skapa gode minne. For mange er det også ei tid kvar mobilkameraet er flittig i bruk, og sosiale medium blir fylte med glimt frå påskekosen; barna som står på ski, plaskar i vatnet, eller nyt kakao i solveggen.

Internett er ikkje eit familiealbum

Det er heilt naturleg å vilja dela slike augneblinkar. Eg forstår det godt.

Me vil visa fram det fine me opplever saman. Det kan gi tilhøyrsle, glede og kjensle av fellesskap.

Men i alt dette må me ikkje gløyma at internett ikkje er eit familiealbum. Det er eit ope rom, der me ikkje alltid veit kven som ser på, eller korleis bileta kan bli brukt.

 

Deepfake porno

I dag har me teknologi som gjer det mogleg å manipulera bilete og videoar på ein måte som tidlegare var utenkjeleg.

Deepfake er eit av dei mest urovekkjande døma. Her blir kunstig intelligens brukt til å lima ansikt inn i videoar – ofte i pornografisk innhald – og det skjer både med vaksne og barn.

Eit uskuldig bilete av ein person i badetøy kan i feil hender bli noko heilt anna.

Fjerna badetøy

Eit konkret døme på dette er influensar Linnea Løtvedt, som delte eit sommarleg bilete av seg sjølv i badetøy på Instagram. Kort tid etter vart ho offer for deepfake-porno.

Ho hadde ikkje gjort noko gale, ho hadde berre lagt ut eit bilete mange av oss kunne ha lagt ut. Likevel vart ho utsett for noko djupt uetisk og skadeleg.

Å seia at «ho burde vita betre» fordi ho hadde badetøy på seg, er som å seia at nokon ber om overtramp, og det er eit farleg og urettferdig argument.

Dette handlar ikkje om klede. Det handlar om samtykke, respekt og grensene me set, eller burde setja, digitalt.

Personleg grense

Personleg har eg valt ei tydeleg grense: Eg har aldri delt bilete av ansiktet til barnet mitt offentleg i sosiale medium. Ikkje fordi eg trur alle andre gjer noko gale, men fordi eg vil vera på den sikre sida.

Det betyr ikkje at eg ikkje deler gleda av å vera forelder. Eg sender gjerne bilete til familie og nære venner når me gjer noko hyggjeleg, men det skjer i lukka rom, på trygge plattformer.

Det handlar ikkje nødvendigvis om du deler bilete av barna dine, men korleis og kvar du gjer det. Kva plattform bruker du? Kven kan sjå bileta? Kva slags bilete er det: kva har barnet på seg, og i kva samanheng er det teke?

Me må minna oss sjølv på at barn ikkje kan samtykkja til delinga av sitt eige digitale fotavtrykk.

Det ansvaret ligg på oss som vaksne. Og det handlar ikkje berre om å verna dei frå framande, men også om å gi dei kontroll over si eiga historie, når dei ein dag blir store nok til å fortelja han sjølv.

Evig minne

Så denne påska: Kos dykk. Ta bilete. Skap minner.

Men tenk dykk om éin gong ekstra før de legg noko ut på nettet.

Internett gløymer aldri, og det me ser som ein hyggjeleg augneblink, kan dessverre bli noko heilt anna i auga til andre.

God påske!