Statsbudsjettet: – Framgang for nynorsk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa og dei fire samarbeidspartia har vist vilje til å prioritere den språklege infrastrukturen, seier Per Magnus F. Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum, i ei pressemelding.

Han viser då til dei 9,3 millionane ekstra som skal gå til språk i 2020. Som særleg positivt trekker Sandsmark mellom anna fram at ordboksarbeidet får ekstra støtte, at Nynorsk Pressekontor får pengar til omsetjingsrobot og at nasjonale minoritetsspråk vert prioriterte.

– Dersom dette blir følgd opp med ei offensiv språkmelding og ei språklov som reelt fører til auka likestilling mellom og vern av dei norske språka så har regjeringa lagt grunnlaget for ei betre framtid for alle språk i Noreg, seier Sandsmark.

Ikkje vilje til Vinje-støtte

Nynorsk kultursentrum kan også glede seg over at dei får ei auke på nesten 3 prosent over kulturbudsjettet.

– Arbeidet vårt er viktig for å ta vare på og formidle den nynorske delen av den norske kulturarven til flest mogleg folk, slår direktør Per Magnus F. Sandsmark fast.

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm. Foto Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes

Samstundes er stiftinga skuffa over at det ikkje har vorte løyvd ekstra pengar til det komande Vinje-senteret i Telemark. Senteret skal etter planen opne i 2021 eller 2022, men Nynorsk kultursentrum manglar framleis to millionar kroner i driftsmidlar.

– Det vil gjere det vanskelegare å gjennomføre løftet for journalistikk og dikting som trengst, og som Vinje-senteret kan bidra til, seier styreleiar Lodve Solholm.

Bent Are Iversen heldt fotokurs for praktikantane ved Nynorsk avissenter i Førde i fjor haust. Foto: Kjell Ove Nordeide