Åtvarar mot mangel på journalistar som skriv nynorsk: – Skuffande og alvorleg

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved journalistutdanningane i Oslo og Volda var det i vår til saman seks nynorskbrukar blant dei som var ferdig med bacheloren sin. I Bodø var det ingen. I Bergen er det i snitt to-tre nynorskbrukarar per årskull, medan snittet for Stavanger er éin. NLA Høgskolen i Kristiansand har ikkje nøyaktige tal, men seier det er svært få.

Generalsekretær i LLA Rune Hetland er bekymra for rekrutteringa av nynorskskrivande journalistar. Foto: LLA

Det vil seia at det ikkje blir utdanna fleire enn kring ti nynorskskrivande journalistar ved dei seks journalistutdanningane. Det viser ei rundspørjing Framtida.no har gjort.

– No blei eg overgidde! At det blir utdanna så få nynorskskrivande journalistar ved journalistutdanningane er overraskande, skuffande og alvorleg, seier Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser på telefon til Framtida.no.

Leiar for NRK Nynorsk Mediesenter i Førde, Magni Øvrebotten, meiner tala viser at utdanningane ikkje har lukkast med å visa at nynorsk er eit framifrå mediespråk.

– Media ønskjer å vera kortfatta og bli forstått. Då er nynorsk det beste språket, slår Øvrebotten fast.

Manglar nynorskskrivande journalistar

Mange nynorske lokalaviser held eit høgt nivå òg sett med internasjonale auge. Seks av i alt 19 gongar har European Newspaper Award gått til ei nynorsk lokalavis. Ingen andre språk er i nærleiken av å vinna så mange prisar.

Kvinnheringen blei kåra til Årets lokalavis i Noreg tidlegare i år. Styreleiar i LLA og mangeårig redaktør i Kvinnheringen, Tomas Bruvik (med briller i midten bak), er overraska over at journalistutdanningane har så få nynorskskrivande studentar. Foto: LLA

Likevel opplever mange nynorske aviser at det er vanskeleg å rekruttera nye journalistar.

– Det er fleire aviser som slit med få søkjarar, seier Tomas Bruvik.

Han er styreleiar i LLA og tidlegare redaktør i Kvinnheringen. Avisa blei kåra til Årets lokalavis i Europa i 2015 og årets lokalavis i Noreg i mars 2019.

Lars Arve Røssland er førsteamanuensis ved Universitet i Bergen. Foto: UiB

Det same inntrykket har Lars Arve Røssland, som er fagleg leiar ved journalistutdanninga til Universitetet i Bergen. Han har kontakt med fleire nynorsk-aviser som no søker etter journalistar, både mellombels og fast.

– Det er kanskje delvis på grunn av manglande språk-kompetanse hos moglege søkarar, men det er også kopla til at ungdommen helst vil vera i byar av ein viss storleik og ikkje i Kviteseid eller Måløy, til dømes. Så eg seier vel at nynorskkompetanse ER etterspurt, skriv han i ein epost til Framtida.no.

Ingen søkte på journaliststilling

I Fjordenes Tidende i Måløy sit ein bekymra redaktør Erling Wåge. Avisa har lyst ut to journaliststillingar i vår. Første gongen fekk han fem søkarar. Ved den siste utlysinga var det ikkje ein einaste søkarar innan fristen.

– Eg er bekymra for bransjen vår viss me ikkje klarer å rekruttera journalistar til å gjera det samfunnsoppdraget me skal gjera for demokratiet.

– Kva gjer du no, då?

– Eg må vera veldig aktiv og snakka med redaktørkollegaer om dei har nokon blant sine søkarar. Når det er vanskeleg å få søkarar med erfaring eller utdanning, så me eg sjå etter andre ting. Eg ser mykje på viljen. Vilje kan ofte kompensera for manglande erfaring og utdanning, seier Wåge.

Erling Wåge er redaktør i Fjordenes Tidende i Måløy. Foto: Fjordenes Tidende

Avisa er den einaste i Sogn og Fjordane som også tillét bokmål på redaksjonell plass, og redaktør Erling Wåge opnar for å tilsetja bokmålsskrivande journalistar viss det blir vanskeleg å finna gode søkjarar som skriv nynorsk.

Målform er valfritt ved utdanningane

Alle journalistutdanningane seier det er valfritt kva målform studentane nyttar.

– På den andre sida har me studentar som har vore i praksis og sommarjobb i nynorsk-verksemder, noko som har gått svært godt, trass i bokmål som eigentleg målform, fortel Lars Arve Røssland ved UiB.

Ifølgje førstelektor i digital journalistikk ved Høgskulen i Volda, Tormod Utne, har to av avgangsstudentane på avislinja nynorsk som hovudmål. I tillegg er det nokre av studentane deira som nyttar nynorsk av og til.

– Dei som til dømes skal til Sunnmørsposten eller BT, bør jo kunne begge. Difor blir dei oppmoda til å skriva nynorsk i våre internpraksisar, og nokre med bokmål som hovudmål legg seg dette på minnet og prøver – med varierande hell, skriv Utne i ein epost til Framtida.no.

På praksisavisa Nærnett, som skriv lokale nyhende frå Søre Sunnmøre, er det ingen av dei 40 sakene på framsida som er skrivne på nynorsk.

På radiolinja i Volda var det éin nynorsksskrivande avgangsstudent. På TV-linja var det ingen nynorskbrukarar blant dei som var ferdig no i vår, men på dei andre kulla er det tre nynorskbrukarar til saman.

Professor Steen Steensen ved Oslomet. Foto: Oslomet

– Oppmodar til nynorskbruk

Av 43 tredjeårsstudentar som har levert eksamensoppgåve no i vår ved Oslomet er tre nynorskbrukarar, fortel instituttleiar ved Institutt for journalistikk og mediefag, Steen Steensen.

– I språkundervisninga snakkar me om språkpolitikk, språkstrid og plassen til nynorsk i det norske samfunnet og i journalistikken. Me pålegg aldri ei spesifikk målform i oppgåver, men er bevisste på at dei som bruker nynorsk skal føle seg komfortable med det og oppmodar til nynorskbruk hos dei som finn det naturleg. Me har også døme på at studentar som i utgangspunktet skriv på bokmål prøver seg på nynorsk i enkelte journalistiske saker, skriv Steensen i ein epost til Framtida.no.

Ved Universitetet i Stavanger er det tre av totalt 81 bachelorstudentar i journalistikk som har nynorsk som hovudmål. Også her skal studentane ha blitt oppmoda om å skriva nynorsk.

LES OGSÅ: Bergens Tidende-journalist for nynorskpris

– Behov for krafttak

Det finst ikkje tal på kor mange nynorskskrivande journalistar det finst i Noreg, men talet ligg truleg ein stad mellom 500 og 800.

Av dei 112 medlemmane i Landslaget for lokalaviser, er det over ein tredjedel nynorske aviser. Av dei redaksjonelt tilsette i NRK er det 17,5 prosent nynorskskrivande, ifølgje ei intern undersøking i vinter. Det tilsvarer kring 300 tilsette.

I tillegg er det fleire regionaviser frå Telemark til Møre og Romsdal som har fleire nynorske journalistar.

Riksaviser som Klassekampen, Nationen, Vårt Land, Morgenbladet og Dagen har òg journalistar som skriv nynorsk.

Òg i nokre riksaviser som VG og Aftenposten får journalistane av og til lov til å skriva nynorsk.

LES OGSÅ: Noregs Mållag: – Støtt dei tospråklege avisene

I andre aviser, som Dagbladet og Dagens Næringsliv, er det framleis forbod mot nynorsk. Og til slutt er det nokre få riksmedium som berre skriv nynorsk: Dag og Tid, Nynorsk Pressekontor – og Framtida.no og Framtida Junior.

Generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser meiner tala tyder på at det blir utdanna for få journalistar som kan skriva nynorsk.

– Det er ikkje bra for avisene, og ikkje bra for språket. Her er det trong for eit krafttak, seier Rune Hetland til Framtida.no.

Frå venstre: Dagleg leiar for Nynorsk avissenter Kjell Ove Nordeide, Sindre Camilo Lode, Synne Grimen Hammervoll, Pernille Fjørtoft Grøsvik, Marte Husabø og faglærar Ingunn Osland. Foto: Bent Are Iversen

LES OGSÅ: Avslører «nynorsk-elskarar» på Facebook

Utdannar flest i Førde

Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk Mediesenter i Førde.

NRK Nynorsk Mediesenter i Førde utdannar kvart halvår fem journalistar gjennom intensiv opplæring og praksis i NRK Sogn og Fjordane i Førde og praksis i to månader i ein av redaksjonane til NRK.

150 nynorskpraktikantar har fått opplæring, og 57 prosent av dei har fått seg jobb.

– Hadde redaktørane som tilset journalistar vore endå meir medvitne på å rekruttera nynorskbrukarar, så hadde talet vore endå høgare, seier Magni Øvrebotten. Ho synest det ser ut til å vera ein ny generasjon redaktørar i dag som er meir opne for nynorsk.

LES OGSÅ: Nynorsk Pressekontor får pengar til nynorsk-robot

– Motiverande

I lokala til lokalavisa Firda i Førde held Nynorsk Avissenter til. Dei lærer opp ni nynorskskrivande journalistar kvart år. 56 prosent av tidlegare praktikantar har mediejobbar i dag. Dagleg leiar Kjell Ove Nordeide er overraska over at journalistutdanningane ved høgskular og universitet ikkje utdannar fleire nynorskskrivande journalistar.

– Det er motiverande for meg, og gjev oss eit ekstra argument for at Nynorsk Avissenter er viktig for nynorsk som bruksspråk, seier han.

LES OGSÅ: Nynorsk er ikkje nemnt med eitt ord i Mediestøttemeldinga