Reisebrev frå FN-toppmøtet: – Unge sette stemninga

Sofie Nordvik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Verda ville sett annleis ut om unge styrte politikken», opna eg med, i panelet med Kronprinsen og Nobels fredssenter. Verdsleiarane samla seg på oppdrag frå FNs generalsekretær Guterres, med mål om å auke klimaambisjonar. Som ungdomsdelegat for Noreg på klima, var mitt mål vår å løfte unge stemmer. 

Klimastreik i New York, 20. september 2019.

Unge med krav til politikarane

7 millionar streika for klimahandling og sende med dette ein viktig beskjed til verdsleiarane. Berre i New York streika over 300 000 menneske saman med Greta Thunberg. Over heile verda organiserte Greta-ar streikar med krav til sine politikarar. 

Mange unge krev pengar til klimatiltak, kutt av klimagassutslepp i tråd med 1,5-gradsmålet og stans av nye oljelisensar. Greta Thunberg opna FN-møtet med forsking og kjensler, og klandra verdsleiarane for ikkje å handle.

Klimatilpassing og Bill Gates

Under toppmøtet møtte eg Bill Gates, og spurte om hans tankar om forholdet mellom finansiering til utsleppskutt og klimatilpassing. Ifølgje Parisavtalen skal dette vere balansert, men i praksis er klimatilpassingsida svært underfinansiert.

Gates har saman med Ban Ki-moon, og den globale kommisjonen for klimatilpassing, lansert «The Year of Action». Her vert alle sektorar og statar oppmoda til å bidra med meir pengar dei neste 12 månadane, til dei som er mest sårbare for klimaendringar og som difor må tilpasse seg nye forhald.

«Dette handlar om mattryggleiken for framtidige generasjonar» seier Ban Ki-moon.

Bill Gates meiner at alle må bidra meir. Utviklingsminister i Noreg, Dag Inge Ulstein, har i VG kommentert at han skal bruke 350 millionar på klimatilpassing. For skulestreikarane er dette eit museskritt i riktig retning av å bidra med 65 milliardar i året balansert på kutt og tilpassing, som er dei unge sitt krav til Noreg.

Kronprins Haakon Magnus, Sofie Nordvik og utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Unge skal vere med å lage dei nasjonale klimamåla

Tida er over for å takke unge for engasjement. No er det på tide å ta løysingane til unge på alvor. Saman med klima- og miljøminister Ola Elvestuen, skreiv eg under på ein avtale i New York om at unge skal vere med å lage dei nasjonale klimamåla til Noreg.

Om vi skal nå klimamåla våre treng vi alle dei beste løysingane for å komme i mål. Det neste året vert viktig for å få på plass handling under Parisavtalen. Då er det viktig at vi unge er med å skape den framtida vi ynskjer oss.

Mange er skuffa over møtet i New York. FN har ikkje forandra det faktum at verda ville sett annleis ut om unge hadde styrt politikken. Unge spør ikkje lenger om handling, unge krev at leiarane handlar som om det var unge som satt i deira stolar.

Det kommande året vil vise om politikarane tek med seg klimaløysingane frå unge, inn i faktisk politikk.

Sofie Nordvik og klima- og miljøminister Ola Elvestuen V).